Álafoss («Ålfoss» på norsk) er ein foss i elva Varmá i Mosfellsbær på Island. Ein ullfabrikk med same namn har lege ved sida av fossen sidan 1896, då lokale bønder importerte maskineri for å handsame ulla som nytta energi frå fossen. Under den andre verdskrigen vart det bygd ein forlegning for britiske soldatar her. Álafoss spelte ei viktig rolle i grunnlegginga og veksten til byen Mosfellsbær. Studioet til bandet Sigur Rós, kalla Sundlaugin, ligg ved fossen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Álafoss» frå , den 7. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside for fabrikken med bilete. Historia til Álafoss Sundlaugin platestudio

Kategori:Fossar på Island