Sophie Scholl – Die letzten Tage (på norsk Sophie Scholls siste dager) er ein tysk film regissert av Marc Rothemund, med Julia Jentsch i hovudrolla som Sophie Scholl. Scholl var medlem av den antinazistiske gruppa Den kvite rosa under Den andre verdskrigen.

Prisar Under filmfestivalen i Berlin fekk regissør Marc Rothemund sølvbjørnen for beste regissør, medan Julia Jentsch fekk sølvbjørnen for beste skodespelar. Filmen var nominert til Oscar-utdelinga i 2005 for beste utanlandske film.

Handling Filmen fortel om dei siste levedagane til Sophie Scholl, frå ho blir arrestert saman med broren Hans 18. februar 1943 i Ludwig-Maximilians-universitetet i München, for å ha delt ut pamflettar, til ho blir avretta med giljotin 22. februar. Avhøyra av ho blir vist, i tillegg til rettssaka mot ho og dei to andre tiltalte.

Filmen er ei detaljtru attgjeving av den faktiske historia, og grundig forsking ligg til grunn for filmen. Stor vekt er lagt på å gjenskape autentiske kulissar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell side (tysk) Internet Movie database

Kategori:Tyske filmar Kategori:Dramafilmar Kategori:Krigsdrama kategori:Filmar frå 2005 Kategori:Filmar om andre verdskrigen