mini|portrett|Tysk Blasius-lysestake. Heilage Blasius har minnedag den 3. februar. 3. februar er den 34. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 331 dagar att av året (332 under skotår).
På den nordlege halvkula er dagen midtvegs i vinteren, om ein reknar at årstida har 88 dagar.
Merkedag
mini|portrett|Tysk statue av heilage Ansgar, som også har minnedag den 3. februar. Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Katolsk helgendag for Ansgar og Blasius
Primstaven Blåsmesse etter heilage Blasius. Merket for dagen var eit horn, ein bøygd kvist eller ein båt med vind i segla.
Namnedag
Hendingar
Utlandet mini|portrett|Fotografi av keisar Meiji, som herska under Meijitida i Japan. 1488: Portugisaren Bartholomeu Diaz gjekk i land etter å ha runda Kapp det gode håp. Han blei den første europearen som hadde reist så langt sør. 1815: Verdas første ostefabrikk blei grunnlagt i Sveits. Tidlegare hadde ein laga ost lokalt på små gardar. 1825: Øya Vendsyssel-Thy vart skilt frå fastlandet i Danmark ved ei stormflo. 1867: Prins Mutshuhito blei keisar Meiji av Japan. 1931: Eit jordskjelv på New Zealand drap 258 menneske, noko som gjer det til den verste naturkatastrofen i landet nokon sinne. 1972: Vinter-OL 1972 vart opna i Sapporo. 1977: Den sovjetiske romstasjonen Saljut 4 vende tilbake til jordatmosfæren. 1998: Eit amerikansk militærfly kutta kabelen til taubanen til fjellet Cermis i Italia, og 20 menneske omkom. 2008: Superbowl vert spelt på University of Phoenix Stadium i USA.
Noreg 1948: Landsforeningen mot Kreft vart stifta. 1953: Fem av dei sju ombord i sildedrivaren «Frøyguten» av Auklandshamn omkom då båten forliste ved Jørøya ut for Bulandet.
Fødde
1721: Friedrich Wilhelm von Seydlitz, prøyssisk general 1749: Rasmus Jakobsson Vassbotn, norsk gardbrukar og dagbokforfattar 1809: Felix Mendelssohn, tysk komponist 1848: Jørgen Løvland, norsk politikar 1874: Gertrude Stein, amerikansk forfattar 1887: Georg Trakl, austerriksk diktar 1889: Risto Ryti, tidlegare finsk president. 1893: Gaston Julia, fransk matematikar 1894: Norman Rockwell, amerikansk målar og illustratør 1898: Alvar Aalto, finsk arkitekt 1907: James Michener, amerikansk forfattar 1909: Simone Weil, fransk filosof 1915: Henki Kolstad, norsk skodespelar 1948: Henning Mankell, svensk forfattar og teaterregissør 1951: Blaise Compaoré, burkinsk president 1951: Byron Erickson, amerikansk teikneserieskapar 1965: Terje Langli, norsk idrettsmann 1983: Michal Šlesingr, tsjekkisk skiskyttar
Døde
863: Heilage Blasius 865: Ansgar, erkebiskop av Hamburg-Bremen 1014: Svein Tveskjegg (Svend Tveskæg), konge av Danmark 1468: Johann Gutenberg, tysk forleggjar og oppfinnar av den vestlege boktrykkarkunsta 1890: C.H.D. Buys Ballot, nederlandsk kjemikar og meteorolog 1914: Johannes Skar, norsk folkeminnesamlar 1924: Woodrow Wilson, USA-amerikansk president 1956: Émile Borel, fransk matematikar, politikar, statsmann og motstandsmann 1959: Buddy Holly, USA-amerikansk musikar 2001: Johannes Kleppevik, norsk musikar