Niels Henrik David Bohr () var ein dansk fysikar som har gjeve avgjerande bidrag til forståinga av atomet sin struktur og utviklinga av kvantemekanikken. Niels Bohr fekk Nobelprisen i fysikk i 1922. Eit bilete av han pryder den danske femhundrekronesetelen i serien frå 1997.
Biografi Bohr blei fødd den 7. oktober 1885 i København. Foreldra hans var Christian Bohr og Ellen Adler. Han døydde same stad den 18. november 1962.
I ungdomen sin spelte han fotball for Akademisk Boldklub, og var ein ivrig seglar. Bohr blei utdanna ved Universitetet i København i 1911, deretter fór han til Manchester i England og forska hos Ernest Rutherford. I 1913 offentleggjorde han ei skildring av atomet sin struktur. Denne skildringa er seinare blitt kjent som Bohr-modellen. Bohr blei i 1916 utnemnd til professor ved Universitetet i København. I 1921 kunne ein innvie det nyoppretta Universitetets Institut for Teoretisk Fysik på Blegdamsvej, med Niels Bohr som leiar. Han åt middag med kongefamilien i Noreg den 8. april 1940, rett før invasjonen av Noreg og Danmark. Han elska å gå på ski i fjella, spesielt i Noreg. Saman med Werner Heisenberg og andre arbeidde han i åra frå 1924 til 1927 med det som har vorte kalla København-tolkinga av kvantemekanikken.
Niels Bohr sin son Aage Niels Bohr blei sjølv tildelt Nobelprisen i fysikk i 1975.
Kjelder
Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå Wikipedia på bokmål 10.10.07. «Niels Bohr» frå , den 17. mai 2013. «Bohrs atommodel» frå , den 26. april 2013. «Copenhagen interpretation» frå , den 18. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
Niels Bohr Institutet Niels Bohr på Google American Institute of Physics: Resources of the Niels Bohr Library (på engelsk)
Kategori:Danske fysikarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Danske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Elefantordenen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Pour le Mérite Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Danske jødar Kategori:Medlemmar av Leopoldina Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Vitskapsfilosofar Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Copleymedaljen Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk frå København Kategori:Professorar ved Københavns Universitet Kategori:Niels Bohr-medaljen Niels Kategori:Folk tilknytte CERN