Dhaulagiri (nepali धौलागिरी dhaulāgirī, 'kvitt fjell') er med den sjuande høgaste fjelltoppen i verda og den høgste toppen i Dhaulagiri Himal-massivet i Himalaya. Fjellet ligg lengst aust i Dhaulagiri Himal, nord for sentrale Nepal. Administrativt ligg det i den nordlege delen av Myagdi distrikt, Dhaualagiri sone i Nepals Vestregion. Annapurna I hever seg på andre sida av Kali Gandakidalen, om lag 35 km aust for Dhaulagiri.
I 1809 målte William Spencer Webb og John Hodgson toppen til og Dhaulagiri var med det den første 8000 meters-toppen som blei oppdaga. Fram til Kantjendjunga blei målt i 1838 var Dhaulagiri rekna som verdas høgaste fjell.
Klatrehistorikk Dhaulagiri var den nest siste 8000 meters-toppen som blei klatra. Først etter sju mislukka forsøk klarte ein internasjonal ekspedisjon under leiing av sveitsaren Max Eiselin å nå toppen. Det var første gong – og så langt den einaste – ein klatreekspedisjon i Himalaya har brukt fly til å få inn utrustning og deltakarar. 5. mai 1960, under eit forsøk på å ta av, styrta flyet, ein Pilatus PC-6, utan at nokon kom til skade. Klatrarane bygde på erfaringar og tausikringar etter det sjuande og mislukka forsøket frå året før, og kom seg opp nordaustegga. 13. mai stod seks klatrarar på toppen, Kurt Diemberger, Peter Diener, Ernst Forrer, Albin Schelbert og dei to sherpaene Nawang Dorje og Nyima Dorje. 23. mai nådde òg Michel Vaucher og Hugo Weber frå same ekspedisjonen toppen.Norman G. Dyhrenfurth: «The Mountain of Storms – Dhaulagiri 1960.» I American Alpine Journal 1961, s. 231–248 (AAJO), henta 30. juni 2012.
Det har vore mange dødsfall på dei stormsveipte og skredutsette fjellsidene. I 1969 omkom fleire klatrarar på den svært vanskelege søraustegga. I 1978 lukkast ein ekspedisjon under leiing av japanaren Seiko Tanaka å nå toppen over søraustegga, men fire klatrarar omkom under nedstigninga. I 1984 døydde tsjekkaren J. Simon og i 1990 lithauaren Dainius Makauskas, begge under nedstiging etter å ha vore på toppen. To erfarne kvinnelege klatrarane har gått med i skredulukker: 16. mai 1998 franske Chantal Mauduit og 24. oktober 1999 engelske Ginette Harrison. Same året som Mauduit omkom i tillegg to greske klatrarar. I 2007 døydde to klatrarar i ein spansk ekspedisjon som fekk Eva Martínez, som den første meksikanske kvinna, til topps.
Stian Voldmo, Øyvin Thon og Brit Volden blei 14. mai 2011 dei første nordmennene som klatra til topps.Nasjonaldag i BaseCamp Dhaulagiri på gamme.no
Sørveggen på Dhaulagiri er ei av klatresportens største uløyste utfordringar.
Litteratur Max Eiselin: Erfolg am Dhaulagiri. Orell Füssli Verlag, Zürich, 1960. (førsteklatrarane sine forteljingar)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Dhaulagiri på summitpost.org Dhaulagiri I: Geschichte + Literatur på himalaya-info.org (klatrehistorikk ) 1955 Bilder frå den tysk-sveitsiske Dhaulagiri-ekspedisjonen i 1955 Polsk side med bilde av klatreruter og kart i liten målestokk Himalayan Index
Kategori:Fjell i Nepal Kategori:Fjell i Himalaya