Irland, òg kalla Republikken Irland, er ein stat på øya Irland, utanfor den nordvestlege kysten av Europa. Staten dekkar av øya og grensar til Nord-Irland, som er ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Irland består av 26 av dei 32 grevskapa på øya Irland. Det har 5,1 millionar innbyggjarar (2022). Hovudstaden og den største byen er Dublin, på austsida av øya. Rundt 2,1 millionar innbyggjarar bur i storbyområdet Dublin.Population and Migration Estimates, April 2018, Central Statistics Office, 28. august 2018

Republikken Irland har si einaste landgrens mot Nord-Irland, som er ein del av Storbritannia. Det er elles omringa av Atlanterhavet, med Keltarsjøen i sør, St George's Channel i søraust og Irskesjøen i aust.

Landet er ein einheitleg, parlamentarisk republikk.Prakke, L.; Kortmann, C.A.J.M.; Brandhof, J.C.E. van den (2004): Constitutional Law of 15 EU Member States, Deventer: Kluwer, ; s. 429. Sitat: «Since 1937 Ireland has been a parliamentary republic, in which ministers appointed by the president depend on the confidence of parliament» Den lovgjevande makta, Oireachtas, består av to kammar: eit underhus, Dáil Éireann; eit overhus, Seanad Éireann; og ein vald president, Uachtarán. Presidenten fungerer primært som seremonielt statsoverhovud, men med nokre viktige fullmakter og plikter. Regjeringssjefen har tittelen Taoiseach (statsminister, bokstavleg ‘sjef’), og er vald av Dáil og utnemnd av presidenten. Vidare utnemnar taoiseachen statsrådane sine.

Den irske fristaten blei oppretta med dominionstatus i 1922, som følgje av den anglo-irske traktaten. I 1937 blei det vedteke ein ny grunnlov, der staten fekk namnet «Irland» og i praksis blei ein republikk, med ein vald ikkje-utøvande president. Staten blei offisielt erklært som republikk i 1949, etter lova om republikken Irland av 1948.«Republic of Ireland Act 1948», dokumentar fra 2013 RTÉ Radio 1

Irland blei medlem av SN i 1955. Det blei medlem av Dei europeiske fellesskapa (EF), forløparen til Den europeiske unionen (EU), i 1973. Staten hadde ikkje formelle samband med Nord-Irland på det meste av 1900-talet, men i 1980- og 1990-åra samarbeidde dei britiske og irske styresmaktene med nordirske part for å løysa valden og konflikten i Nord-Irland (The Troubles). Etter underskrivinga av Belfastavtalen (også kjend som langfredagsavtalen) i 1998 har den irske regjeringa og den nordirske regjeringa samarbeidd om ei rekkje politiske område under Nord/Sør-ministerrådet, som blei oppretta som følgje av avtalen.

Irland er eit utvikla land med ein livskvalitet som er blant dei høgaste i verda; basert på metodikk og justeringar for ulikskap av Indeks for menneskeleg utvikling (HDI), rangert i 2021, som den sjette høgaste i verda, bak Noreg og framfor Sverige.Inequality-adjusted Human Development Index    Irland har òg eit velfungerande helsevesen, økonomisk fridom og pressefridom.Human Development Report 2020 (PDF), HDRO (Human Development Report Office), FNs utviklingsprogram. s. 343. Arkivert fra originalen den 15. desember 2020Henry, Mark (2021): In Fact An Optimist's Guide to Ireland at 100. Dublin: Gill Books. . OCLC 1276861968.

Irland er medlem av EU, medlem og ein av grunnleggarane av Europarådet og medlem av Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Den irske regjeringa har følgt ei politikk med militær nøytralitet gjennom alliansefridom sidan før den andre verdskrigen, og landet er følgjeleg ikkje medlem av NATO, sjølv om det er medlem av NATO-prosjektet Partnarskap for fred og nokre aspekt av PESCO. Den irske økonomien er avansert,Brennan, Joe (22. januar 2018): «Ireland is world's eighth-most 'inclusive' advanced economy», The Irish Times. og eit av dei store finansielle knutepunkta i Europa er sentrert rundt Dublin. Det rangerar blant dei ti rikaste landa i verda både med omsyn til BNP og BNI per innbyggjar.«’Leprechaun Economics’ Earn Ireland Ridicule, $443 Million Bill», Bloomberg L.P. 13. juli 2016.Paul, Mark (13. juni 2018): «Ireland is the world's biggest corporate ’tax haven’, say academics», The Irish Times. Sitat: «New Gabriel Zucman study claims State shelters more multinational profits than the entire Caribbean»«Country Comparison: GDP – per capita (PPP)», World Factbook. Central Intelligence Agency. Arkivert fra originalen 19. november 2011

Etter å ha slutta seg til EF vedtok regjeringa i landet ei liberal økonomisk politikk, og mellom 1995 og 2007 bidrog denne til å auka økonomisk vekst. Perioden er no ofte referert til som «den keltiske tigeren». Ei reversering i veksten følgde, med ein stor resesjon, og denne blei forverra av sprenginga av ein irsk eigedomsbobla: spekulasjon knytt til ei langsiktig prisauke på eigedom tidleg i 2000-åra.«Ireland's housing crisis: Millennials, a generation sacrificed», Euronews, 6. juli 2023Nicoll, Ruaridh (10. mai 2009): «End of the Road: Ireland: As the Celtic Tiger roars its last», The Guardian. London.

Namn og symbol mini|Det fyrste irske frimerket med dei fleste irske symbola. I antikken omtala romarar øya som «Hibernia». Det irske namnet for øya Irland er Éire, avleidd frå Ériu, ei gudinne i irsk mytologi. Det engelske namnet er avleidd frå der irske igjen, Ire + land.Wilson, James (2. september 2023): «Where does the name Ireland come from?», IrishCentral.com Dette namnet kom i bruk i samband med at anglo-normannarane erobra Irland på slutten av 1100-talet.Room, Adrian (2006): Placenames of the World: Origins and Meanings of the names for 6,600 Countries, Cities, Territories, Natural Features and Historic Sites. 2. utgave, McFarland & Company, s. 176.

Staten Irland blei oppretta i 1922, og bestod då av 26 av dei 32 grevskapa i Irland. Han var kjend som Den irske fristaten (Saorstát Éireann).Coleman, Marie (2013): The Irish Revolution, 1916–1923. Routledge. ; s. 230. Den irske grunnloven blei vedteken i 1937, og slo fast at «namnet på staten er Éire, eller, på engelsk, Ireland». Styresmaktene i Storbritannia brukte namnet «Eire» (utan det diakritiske teiknet på fyrste bokstav) og, frå 1949 «Republikken Irland» for staten.Oliver, J.D.B. (2004): «What's in a Name?», i: Tiley, John, red.: Studies in the History of Tax Law. Hart Publishing. ; s. 181–183. Det var ikkje før Belfastavtalen frå 1998, då regjeringa i Dublin gav opp kravet på Nord-Irland, at den britiske regjeringa byrja å kalla staten for Irland.Oliver (2004), s. 178; Daly (2007), s. 80

Republikken Irland delar mange symbol med heile øya Irland. Desse omfattar fargen grønt («den grønne øya») og blått (fargen til nasjonalhelgenen Saint Patrick), dyr som irsk ulvehund og hjort, strukturar som rundtårn og keltiske krossar, og design som keltiske knutar og spiralar. Shamrock (irsk seamróg) er ein type kløver, og har vore eit nasjonalt symbol for Irland sidan 1600-talet, då det blei vanleg å bera det som eit symbol på Sankt Patrick-dagen. Desse symbola blir nytta av statlege institusjonar så vel som private organ i Irland. mini|Seglet til den irske presidenten, som inneheld ei harpe. Det irske flagget er ein trikolor av grønt, kvitt og oransje. Utforminga av flagget stammar frå ei kulturell og politisk rørsla frå midten på 1800-talet kalla Young Ireland, men blei fyrst utbreidd under påskeopprøret i 1916. Fargane representerer den irsk-gæliske tradisjonen (grøn) og tilhengjarane til Vilhelm av Oranien i Irland (oransje), med kvitt som representerer strevet etter fred mellom dei.«National Flag», Taoiseach.gov.ie. Department of the Taoiseach. Det blei teke i brukt som flagget til Den irske fristaten i 1922.

I likskap med nasjonalflagget har nasjonalsangen, Amhrán na bhFiann røtene sine i påskeopprøret, då songen blei sungen av opprørarane. Sjølv om han opphavleg blei gjeven ut på engelsk i 1912,Sherry, Ruth (våren 1996): «The Story of the National Anthem», History Ireland. Dublin. 4(1); s. 39–43. Arkivert fra originalen den 4. november 2019. blei songen omsett til irsk i 1923, og den irskspråklege versjonen blir oftare sungen i dag. Songen blei offisielt hymne for den irske fristaten i 1926.«Ceisteannea—Questions. Oral answers. – Saorstát National Anthem», Dáil Éireann (4th Dáil) – 16(21). 20. juli 1926.

Det irske riksvåpenet, ei handharpe i gull på mørk blå botn, blei vedteke i 1945. Harpa har vore nytta som eit symbol for Irland sidan mellomalderen, og blir òg omtalt som Brian Boru-harpa, etter den irske kongen Brian Boru. Riksvåpenet har opphav som våpenskjoldet til dei irske monarkane, og blei registrert som våpen for kongen av Irland på 1100-talet. Frå sameininga av kronene til England, Skottland og Irland i 1603, har det irske symbolet vore nytta som ein del av ei firdeling av det kongelege våpenskjoldet til Storbritannia. I dag er dei dei det personlege våpenskjoldet til presidenten av Irland medan han er i embetet og blir nytta som presidentstandard. Harpesymbolet blir mykje brukt av staten for å markera offisielle dokument, irsk mynt og på seglet til den irske presidenten.

Geografi

mini|Topografien til Irland Øya Irland har eit areal på 84 421 km². 83 % (cirka 5/6) av øya tilhøyrer republikken Irland. Øya har kyst mot Atlanterhavet i vest, mot North Channel i nordaust og mot Irskesjøen i aust. I søraust ligg St. George's Channel og i sørvest ligg Det keltiske havet. Den vestlege kysten av Irland består i stor del av klipper, bakkar og små fjell (det høgaste punktet er 1 038 meter høge Carrauntuohill).  

I nord og vest er det forrivne oddar og bratte klippar som stupar i havet. Utanfor kysten ligg ei rekkje øyar, nokre av dei busette eller med gamle festningar og kloster. Nokre øyar er verna som fugleservat. Bergrunnen har ein god del kalkstein og kan ha store grottesystem. Forhistoriske vulkanar har blant anna danna dei uvanlege krystallinske formasjonane på Giant's Causeway i Antrim. Øya har spor etter istid i form av blant anna U-dalar, jettegrytter og morenar. I midten av Irland er terrenget relativt flatt. Irland har ein del elver som Shannon, og ein del store sjøar.

Kring 14 % av arealet er dyrka mark, 71 % er beite og 5 % skog. Den sentrale delen av øya består av store kalksteinssletter omringa av ein broten fjellkjede. Kysten er nokså opppriven, og har fjordar i vest.

Den største byen i Irland er hovudstaden Dublin ved austkysten, med 1 045 769 innbyggjarar; Cork med 190 384 innbyggjarer ligg i den sørlege delen; Limerick med 90 757 innbyggjarar ligg vest i landet; Galway med 72 729 innbyggjarar ligg ved vestkysten, og Waterford med 49 213 ligg ved den søraustlege kysten.

Skog og myrer mini|Maskinell torvskjering i Connemara. Irland hadde tidlegare betydelege eikeskoger som er forsvunne på grunn av overbeskatting. Planting av nåletre (som ikkje finst her naturleg) og lauvtre har til dels erstatta forsvunnen skog. Torvmyrer i landet har lenge vore kjelde til brensel i til dels stor skala. I 2000-åra byrja styresmaktene å stenga myrane for uttak av brensel fordi det er truleg at myrer som blir utnytta slik gjev frå seg store mengder drivhusgass. Etter istida var store delar av Midland dekke av innsjøar som gradvis blei fylte av restar av vegetasjon som blei omdanna til torv () i dei våte omgjevnadane. Torvlaga har vore 5 til 12 meter tjukke.

På grunn av omfattande utnytting er store delar av torvmyrene forsvunne. Irland har ikkje kol eller olje, og torv har vore brukt i staden. Tidlegare blei torv skoren for hand med spade, og toppsjiktet med levande vegetasjon blei lagt tilbake. I 1946 byrja Bord na Mona (torvutviklingsetaten) med maskinell utvinning, og områda blei etterlatne som svarte våtmarker. Dei øvste lagane blei selt gjennom hagesenter, medan djupare lag blei nytta til brensel, blant anna til produksjon av elektrisk straum. Kring 10 % av arealet til landet er torvmyrer. Berre Canada og Finland har større andel av torvmyr i landområdet sitt.

Klima mini|Cliffs of Moher på vestkysten av Irland, ein mild, fuktig og vindfull stad.