Inchydoney er ei lita øy vest i County Cork i Republikken Irland. Ho har lenge vore forbunde til fastlandet via to vegfyllingar. Den næraste byen er Clonakilty. Det ligg ei strand på øya som har fått blått flagg.

Historie I 1584 vart øya, som tidlegare hadde vorte konfiskert av den britiske krona, gjeven av dronning Elisabet I til biskopen av Ross. Etter slaget ved Clonakilty i 1642 flykta 600 av dei irske styrkane til øya for å søke tilflukt, men tidvatnet kom inn medan dei kryssa over og alle drukna før dei kom seg til land.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inchydoney» frå , den 22. juli 2025.

Kategori:County Cork Kategori:Irske øyar