Shisha Pangma (òg Shishapangma; offisielt Xixabangma, kinesisk Xīxiàbāngmǎ Fēng 希夏幫馬峰; sanskrit Gosainthan – forelda) er med det lågaste av dei fjorten 8000-meterstoppane på jorda. Ulike kjelder oppgjev høgder mellom og . Dei nyaste målingane syner .

Namn Det tibetiske namnet shi sha sbang ma tyder «området ovanfor grassletta», ei god skildring av det ein ser når ein nærmar seg fjellet nordfrå. Fjellet ligg i Langtang-Himal (Himalaya) 5 km aust for grensa mellom Kina og Nepal og er den einaste 8000-meteren som i sin heilskap ligg inne i Kina.

Opphavleg blei sanskrit-namnet Gosainthan brukt om fjellet. Det tyder om lag «heilagdomens stad».

Oppdaging Austerrikarane Heinrich Harrer og Peter Aufschnaiter laga ei overflatisk skisse av Shisha Pangma-gruppa sett frå nord under flukta frå India til Lhasa i 1945/46. Sveitsaren Toni Hagen tok dei første bilda i 1952.

Klatrehistorikk 2. mai 1964 stod ti kinesiske fjellklatrarar på toppen av Shisha Pangma, dette var til då den siste 8000-meterstoppen som ikkje var klatra. I alt hadde ekspedisjonen 195 deltakarar med klatrarar, glasiologar, geologar, metereologar, kartografar og høgdefysiologar, den så langt mest talrike ekspedisjonen i Himalaya-klatringa si historie.

Shisha Pangma blei først opna for utanlandske klatrarar i 1978. Fjellet blir rekna til dei enklare 8000-meterstoppane.

Normalruta er den ruta førsteklatrarane nytta frå nord. Denne går over midttoppen på vestegga og til hovudtoppen. Det er òg mogleg å klatre opp til midttoppen og traversere ei utsett egg til hovudtoppen. Andre ruter på nordsida går opp austegga og over denne til hovudtoppen.Ruter på nordsida av Shisha Pangma, www.8000ers.com

Sørsida er brattare og vanskelegare å klatre. Dei første opp denne vegen var Doug Scott, Roger Baxter-Jones und Alex McIntyre i 1982. Det finst òg tre andre ruter over sørvestveggen og ein over søraustegga.Klatredata, www.8000ers.com I april 2011 lukkast det Ueli Steck å soloklatre den 2000 m høge sørvestveggen på berre 10 timar.

Midttoppen er klatra meir enn 750 gonger, medan berre om lag 50 har lukkast med traversen derfrå til hovudtoppen. Totalt har knappe 300 vore på hovudtoppen. I 1987 klatra Jerzy Kukuczka og Artur Hajzer vesttoppen under ein travers av heile vestegga. Jean-Christophe Lafaille gjorde ei vinterklatring 11. desember 2004, og Simone Moro og Piotr Morawski ei 15. januar 2005. Den første sør-nord-klatringa av hovudtoppen stod Ralf Dujmovits, Gerlinde Kaltenbrunner og Hirotaka Takeuchi for i året 2005.

Dei første nordmenn på Shisha Pangma var Eirik Tryti og Olav Storli Ulvund våren 1990. Dei blei med det dei første frå Noreg som nådde over 8 000 metersgrensa utan bruk av oksygenutstyr.

+ Toppane på Shisha Pangma Shishapangma Shishapangma Midt Shishapangma Vest

Litteratur Manfred Abelein: Shisha Pangma: Eine deutsche Tibetexpedition bezwingt den letzten Achttausender (Lübbe 1980), ISBN 3-7857-0259-0. Robert Goh Ee Kiat, Lulin Reutens: Xixabangma: An Alpine Ascent of the North Ridge (Epigram 2004), ISBN 981-05-1552-9. Doug Scott, Alex MacIntyre: The Shishapangma Expedition (Mountaineers 1984), ISBN 0-89886-098-9. Doug Scott, Alex MacIntyre: Shisha Pangma: The alpine-style first ascent of the South-West-Face (Mountaineers 2000), ISBN 0-89886-723-1.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Klatredata, bilder og ruteinformasjon på 8000ers.com

Teksten er basert på artikkelen Shishapangma frå Wikipedia på tysk slik den var 4. juli 2012.

Kategori:Fjell i Himalaya Kategori:Fjell i Tibet