Iveragh (irsk Uíbh Ráthach) er ei halvøy i County Kerry Republikken Irland. Ho er den største halvøya sørvest i Irland. Fjellkjeda Macgillycuddy's Reeks ligg sentralt på halvøya og inneheld dei høgaste fjella på Irland. Det høgaste er Carrauntoohil på 1 038 meter over havet.

Av byar rundt halvøya finn ein Killorglin, Cahersiveen, Portmagee, Waterville, Caherdaniel, Sneem og Kenmare.

Kerryringen er ein populær turistveg som går rundt kysten av halvøya. Ringen startar og endar ved Killarney, like aust for halvøya.

Øya Valentia ligg utanfor nordvestenden av halvøya. Ho er forbunde til halvøya via ei bru ved landsbyen Portmagee, men ein kan òg nå ho med ferje frå Renard Point på fastlandet til Knightstown på øya.

Skelligøyane ligg om lag 12 km vest for halvøya. Dei er kjend for klosterbygningane her og fugleglivet.

Sjå òg Dinglehalvøya Bearahalvøya

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ivaragh Peninsula» frå , den 22. oktober 2007.

Bakgrunnsstoff Guide til Iveragh på frommers.com Informasjon om Kerryringen Fuglelivet på Iveragh

Kategori:Kerry Kategori:Halvøyar på Irland