Mikhail Sergejevitsj Gorbatsjov () blei fødd i Privolnoje i Stavropol kraj, i Nord-Kaukasus sør i Russland.Gorbatschow, Michail, Alles zu seiner Zeit - Mein Leben, Hoffmann und Campe, 2013. Han blei generalsekretær i det sovjetiske kommunistpartiet i 1985, og var den første og einaste sovjetiske presidenten frå 1988 til 1991. Gorbatsjov er mest kjend for å endre både stil og innhald i sovjetisk politikk. Den politiske endringa fekk namna glasnost ('openheit') og perestrojka ('omdanning'). I 1990 fekk han Nobels fredspris for nedrustingspolitikken sin.

Oppløysinga av Sovjetunionen Gorbatsjov ønskte å demokratisere det sovjetiske samfunnet, og oppheva blant anna maktmonopolet til kommunistpartiet.

Gorbatsjov sin politikk med gradvis reformering av systemet utan å «slå barnet ut med badevatnet» møtte motstand både blant konservative kommunistar som ikkje ønskte endring og blant dei som ville avskaffe heile systemet. Konservative kommunistar prøvde å gjere statskupp i 1991, og bortførte Gorbatsjov. Men store motdemonstrasjonar og manglande støtte frå hæren gjorde at kuppmakarane gav opp. Gorbatsjov kom tilbake til hovudstaden, blei gjeninnsett som sovjetisk president, men måtte snart sjå at Sovjetunionen blei oppløyst, og han dermed ikkje hadde nokon stat å vere president for. Det var særleg presidenten for den russiske delstaten, Boris Jeltsin, som stod bak dette. Den 25. desember 1991 trakk Gorbatsjov seg formelt tilbake frå stillinga som president for ein stat som nokre veker tidlegare var blitt oppløyst.

Tida etter oppløysinga av Sovjetunionen I 1996 stilte Gorbatsjov til val som president i Russland, men fekk berre 0,5 prosent av røystene. Han heldt likevel fram med å vere aktiv i det offentlege liv, som føredragshaldar og som russisk sosialdemokratisk politikar. I 2006 blei han saman med den russiske milliardæren og tidlegare lovgjevaren Aleksandr Lebedev for å kjøpe nesten halvparten av den uavhengige avisa Novaja Gazeta, kjend for å utfordre Kreml sin politikk. Den 30. september 2008 sa Gorbatsjov og Lebedev at dei skulle gå saman og lage eit politisk parti kalla Russland demokratiske parti, sjølv om det aldri blei noko av. Sjølv om Gorbatsjov til tider var kritisk til den russiske leiaren Vladimir Putin, støtta han Russland si annektering av Krim i 2014.

Kjelder

Kategori:Russisk historie Kategori:Russiske statsleiarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå den kalde krigen Kategori:Sovjetiske statsleiarar Kategori:Kommunistiske politikarar Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris