Leinster (irsk Laighin eller Laigin) er ein av dei fire provinsane på Irland, og utgjer den austlege delen av øya. Det består av grevskapa Carlow, Dublin, Kildare, Kilkenny, Laois, Longford, Louth, Meath, Offaly, Westmeath, Wexford og Wicklow. Leinster har flest innbyggjarar av dei fire provinsane. Det tradisjoneelle flagget til Leinster viser ei gullharpe på ein grøn bakgrunn.
Opphavleg var det fem provinsar i Irland, men den minste provinsen Meath vart ein del av Leinster.
Skipet «Leinster» forliste i Dublin Bay i 1918 og 501 personar omkom. Skipet sitt anker ligg i dag på kaia i Dun Laoghaire.
Byar Den største byen i Leinster er Dublin, som er hovudstad i Republikken Irland. Storbyområdet til Dublin har 1 661 185 innbyggjarar (2006). Nokre av forstadane til Dublin er Tallaght (64 282), Blanchardstown (60 000), Clondalkin (43 929) og Lucan (37 622). Byen Kilkenny har 23 967 (2006).
Byar
Swords (37 806) Drogheda (37 601) Dundalk (29 538) Bray (26 985) Navan (26 938) Naas (21 715) Wexford (18 590) Mullingar (18 529) Newbridge (18 520) Athlone (16 888) Celbridge (14 790) Portlaoise (14 275) Tullamore (13 085) Malahide (11 069) Caragh (1 409)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leinster» frå , den 24. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar på Irland