County Tipperary (irsk Contae Thiobraid Árann eller berre Tiobraid Árann) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster. Mellom 1838 og 2014 var Tipperary delt i to: North Tipperary og South Tipperary. Dei vart sameinte att gjennom Local Government Reform Act 2014. Grevskapet har namn etter byen Tipperary. Dei største byane er Clonmel, Nenagh og Thurles.
County Tipperary grensar til Galway og Offaly i nord, Laois og Kilkenny i aust, Waterford og Cork og Limerick og Clare i vest.
North Tipperary hadde administrasjonsbyen Nenagh og South Tipperary hadde administrasjonsbyen Clonmel. Denne delinga skjedde formelt alt ved opprettinga av de noverande grevskapa i 1898, og de facto er delinga av enno eldre dato. Dei to delane vart ei periode kalla ridings, men dette namnet vart avskaffa fordi det var ukorrekt; riding kjem frå gamalengelsk thriding, tredjedel, og vart brukt når eit område vart delt i tre.
Grevskapet er særleg kjend for hesteavl. Coolmore Stud er den største hesteoppdrettaren i verda. Det har òg særs godt jordbruksland.
Byar og landsbyar i County Tipperary Irske namn i parentes.
Cahir - An Chathair Carrick-on-Suir - Carraig na Siúire Cashel - Caiseal Clonmel - Cluain Meala Fethard - Fiodh Ard Kilkieran - Cill Chiaráin Nenagh - An tAonach Roscrea - Ros Cré Templemore - An Teampall Mór Thurles - Durlas Tipperary - Tiobraid Árann
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «County Tipperary» frå , den 25. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Grevskap i Republikken Irland