Tettleik eller densitet (symbol: ρ (gresk bokstav rho)) er eit mål for masse per volum. Om eit objekt har høgare tettleik, har det større masse per volumeining, og vil kjennast tungt ut. Har det låg tettleik vil objektet kjennast lett ut, sjølv om det er stort eller mykje av det. Eit objekt med stor tettleik (som jern) vil ha mindre volum for lik masse samanlikna med noko som har mindre tettleik (som vatn).
SI-eininga for tettleik er kilogram pr. kubikkmeter (kg/m³)
Formel for tettleik
Gjennomsnittstettleiken for eit objekt er lik den totale massen delt på det totale volumet:
der
ρ er tettleiken til objektet (målt i kilogram pr. kubikkmeter).
m er den totale massen til objektet (målt i kilogram).
V er det totale volumet til objektet (målt i kubikkmeter).
Andre einingar
Somme nyttar enno dei gamle einingane g/cm³ (gram pr. kubikkcentimeter), g/ml (gram pr. milliliter), kg/dm³ (kilogram pr. kubikkdesimeter), eller kg/l (kilogram pr. liter) til å måle tettleik.
1 g/cm³ = 1 g/ml = 1 kg/dm³ = 1 kg/l
1 g/cm³ = 1000 kg/m³
0,001 g/cm³ = 1 kg/m³
Tettleik av stoff
Den kanskje høgaste kjende tettleiken er den i materien til ei nøytronstjerne (sjå nøytronium). Den gravitasjonelle singulariteten i senteret til eit svart hol har i følgje den generelle relativitetsteorien ikkje volum, så tettleiken er udefinert.
Det naturlege stoffet med høgast tettleik på Jorda er iridium, 22 650 kg/m³
Tettleikar til diverse stoff:
Stoff Tettleik (kg/m³) Iridium 22 650 Osmium 22 610 Platina 21 450 Gull 19 300 Uran 19 050 Kvikksølv 13 580 Palladium 12 023 Bly 11 340 Sølv 10 490 Kopar 8920 Jern 7870 Tinn 7310 Titan 4507 Diamant 3500 Aluminium 2700 Magnesium 1740 Sjøvatn 1025 Vatn 1000 Etanol 790 Bensin 730 Aerogel 3 Tilfeldig gass 0,0446 gonger den gjennomsnittlege molekylmassen, med andre ord mellom 0,09 og ca. 10 (ved standard temperatur og trykk) t.d. luft 1,2
Merk den låge tettleiken til aluminium samanlikna med andre metall. Difor er fly laga av aluminium. Sjå au at luft har ein tettleik som er liten, men ikkje null. Aerogel er verdas lettaste faste stoff.
Sjå òg Tyngde Viskositet
Kategori:Kontinuumsmekanikk Kategori:Grunnleggjande fysikk Kategori:Fysiske storleikar Kategori:Fysikalsk kjemi