Budelli er ei øy i Maddalenaøyane nær Bonifaciosundet nord for Sardinia i Italia. Ho er ein del av La Maddalena nasjonalpark.
Budelli ligg fleire hundre meter sør for øyane Razzoli og Santa Maria. Ho har eit areal på 1,6 km² og ei kystlinje på 12,3 km. Det høgaste punktet er Monte Budello på 87 meter over havet.
Budelli vert rekna som ei av dei vakraste øyane i Middelhavet. Ho er særleg kjend for Spiaggia Rosa (Den rosa stranda) søraust på øya, som har fått den spesielle fargen frå ørsmå korall- og skjelbitar, som Miriapora truncata og Miniacina miniacea.
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Budelli» frå , den 1. november 2007.
Kategori:Øyar i Italia