25143 Itokawa (frå japansk 糸川) er ein Apollo-asteroide og ein marskryssar. Itokawa blei besøkt av den japanske romfartsorganisasjonen JAXAs romsonde Hayabusa og kan koma til å bli den første romsonden som prøvar er blitt henta ned frå.
Historie
Asteroiden vart oppdaga i 1998 av LINEAR og gjeve mellombelsnamnet . I år 2000 vart asteroiden vald som mål for JAXAs Hayabusa-sonde, og ikkje lenge etterpå vart asteroiden gitt namnet Itokawa, etter den japanske rakettforskaren Hideo Itokawa
Asteoiden
Itokawa er ein S-type-asteroide. Bilete frå Hayabusa hintar til at Itokawa kan vera eit resultat av to mindre asteroidar som stadig har gått lågare og lågare i bane rundt kvarandre og etterkvart blitt hengande fast. Hayabusa viste at Itokawa knapt har nedslagskratre, og ein veldig ujamn overflate overstrødd med kampesteinar. I følgje forskarane på Hayabusaprosjektet består Itokawa av to gigantiske steinhaugar snarare enn to massive lekamar.
Bakgrunnsstoff
Intervju med JAXA forskar og nokre bilete Space.com artikkel med nærbilete
Fotnotar
Itokawa Itokawa