Ukulele er eit strengeinstrument i luttfamilien. Det har vanlegvis fire nylonstrengar,Erich M. von Hornbostel & Curt Sachs, "Classification of Musical Instruments: Translated from the Original German by Anthony Baines and Klaus P. Wachsmann." The Galpin Society Journal 14, 1961: 3–29. stemt i dei same intervalla som dei fire lysaste strengen på ein vanleg gitar, berre den mørkaste ein oktav lysare. Vanleg stemming for ein ukulele er G-C-E-A. Instrumentet stammar frå Hawaii, der det vart utvikla på 1880-talet, med påverknad frå instrument frå Brasil og Portugal. Ukulelen ser ut som ein gitar, og det som i hovudsak skil det frå ein gitar er storleiken og talet strengar.
Instrumentet oppstod på 1800-talet på Hawaii som ei tilpassing av det portugisiske machete (cavaquinho), eit lite gitaraktig instrument som vart innført til Hawaii av portugisiske innvandrarar, hovudsakleg frå Madeira og Azorane. På 1900-talet vart det særs populært i resten av USA, og deretter spreidde det seg utover i verda. Storleikar
Det finst fire vanlege storleikar av ukulele: sopran, konsert, tenor og baryton. Sopranen er den minste og vanlegaste, og er rekna som standard storleik. Konsertmodellen, concert, har litt lengre strenge-mensur; og dermed lengre hals med fleire band. Tenor har i tillegg ein større kropp og meir basstone. Den største, barytonen, er nærast gitaren i tone og stemming
Type StrengemensurInstrumentlengd Stemmingsopran33 cm 53 cm a' d' f#' h' eller g c' e' a' konsert38 cm 58 cm a' d' f#' b' eller g c' e' a'tenor43 cm 66 cm g' c' e' a', g c' e' a' eller d' g h e' baryton48 cm 76 cm d g h e'
Bruk Internasjonalt går den klassiske tradisjonen attende til den hawaiiske pioneren Ernest Ka'ai.
Av norske artistar som tidvis også har spelt ukulele kan ein nemna Espen Lind, Siri Nilsen, Lillebjørn Nilsen, Hilde Louise Asbjørnsen, Tony Sheehan, Morten Asklie, The Jumping Fleas, Øystein Dolmen med Knutsen & Ludvigsen, Gunnar Andersen med 3 Busserulls, Harald Heide-Steen jr., Stephan Slaaen, Anders Opdahl, Åse Kleveland og Otto Nielsen. Sveinung Hovensjø spelte cavaquinho (ein forløpar til ukulele) med Trio de Janeiro på 1980- og 1990-talet. I Noreg er ukulele lite brukt i klassisk musikk, men Simen Kjærsdalen har komponert samlinga Santa Cecilias sanger for ild og aske for instrumentet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ukulele» frå , og «Ukulele» frå den 17. oktober 2020.
Kategori:Klimpreinstrument