Lesinasjøen (italiensk Lago di Lesina eller Laguna di Lesina) er ein innsjø nord i Puglia mellom Tavoliere delle Puglie og neset Gargano og den niande største innsjøen i Italia og den nest største i den sørlege delen av landet. Han er om lag 22 km lang og i snitt 2,4 km brei. Han dekkjer eit areal på 51,4 km².

To kanalar, Acquarotta og Schiapparo, går frå innsjøen til Adriahavet. Mellom havet og innsjøen ligg sanddynen Bosco Isola som er mellom ein og to km brei og 16 km lang. Fleire elvar renn ut i innsjøen og gjer at han er nokså fersk.

Innsjøen har ål, som har vore ei næring for folket i Lesina.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Lesina» frå , den 7. november 2007.

Kategori:Innsjøar i Italia Kategori:Puglia