Piz Palü er eit fjell i Berninafjella i Sveits og Italia med ei høgd på 3 901 meter over havet. Det er tre toppar på hovudryggen av fjellet, som går frå aust til vest. Namnet Palü kjem frå det latinske palus, som tyder sump og fjellet er truleg kalla opp etter Alpe Palü, ei høgtliggande eng om lag 4 km mot aust.
Fjell mini|venstre|Soloppgang på Piz Palü Ein er usikker på når fjellet først vart klatra, men første gong den høgaste toppen vart nådd var truleg i 1866 av K.E. Digby med guiden Peter Jenny.
Den austlegaste toppen (3 882 moh.) vart klatra av Oswald Heer, og P. og M. Flury, med guidane Johann Madutz og Gian Marchet Colani («Kongen av Bernina») den 12. august 1835. Alle tre toppane vart først kryssa av Wachler, Wallner, George, Hans Gross og Christian Gross den 22. juli 1868.
Fjellet har vorte noko kjend gjennom filmen Die weiße Hölle vom Piz Palü ('Det kvite helvete på Piz Palü', 1929), som var regissert av Arnold Fanck og Georg Wilhelm Pabst med ein ung Leni Riefenstahl i hovudrolla.
Panorama
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Palü» frå , den 14. november 2007. oppgav desse kjeldene: Collomb, Robin, Bernina Alps, Goring: West Col Productions, 1988
Bakgrunnsstoff Piz Palü på SummitPost Synopsis, production credits and cast of The White Hell of Pitz Palu (in English)
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden Kategori:Engadin Palu Kategori:Engadin Kategori:Internasjonale fjell i Europa