Monte Rosa er eit fjellmassiv i Wallis-Alpane i Italia (Piemonte og Aostadalen) og Sveits (Valais). Dufourspitze er den høgaste toppen i Monte Rosa-massivet og det høgaste fjellet i Sveits med ei høgd på 4 634 meter over havet.
Namnet kjem ikkje frå det italienske ordet «rosa» (som har same tyding på norsk) som mange trur, men frå det frankoprovsensalske ordet roisa som tyder «isbre».
På klåre dagar, som ein ofte har her, er Monte Rosa-massivet eit flott syn frå Posletta, særleg i dei øvre områda vest i Lombardia og aust i Piemonte. Det dominerer horisonten og tårnar opp omkring dei mindre alpetoppane i nærleiken. Utsikta er særleg vakker frå Malpensa internasjonale flyplass.
Det ligg fleire skistader rundt Monte Rosa-massivet. Plateau Rosa i ei høgd på om lag 3 500 meter er eit kjent sommerskisenter med permanent snødekke året rundt på grunn av høgda. Ein kan nå skisenteret med taubane frå Cervinia. Andre skisenter i omegnen er Zermatt, Gressoney, Champoluc, Alagna Valsesia og Macugnaga. Monte Rosa er ikkje vanskeleg å nå toppen av, men kan vere utfordrande nok og farlege for uerfarne folk, særleg på grunn av brå vêrendringar og bresprekker.
Fjelltoppar Dufourspitze (4 634 m) Ostspitze (4 632 m) Grenzgipfel (4 618 m) Nordend (4 609 m) Zumsteinspitze (4 563 m) Signalkuppe (Punta Gnifetti) (4 554 m) Silbersattel (4 515 m) Grenzsattel (4 453 m) Parrotspitze (4 432 m) Ludwigshöhe (4 341 m) Schwarzhorn (4 322 m) Vincent-Pyramide (4 215 m) Balmenhorn (4 167 m) Punta Giordani (4 046 m)
Isbrear
Gornerbreen Findelbreen Ghiacciaio del Belvedere
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Monte Rosa Massif» frå , den 14. november 2007. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Bilete av Monte Rosa frå den italienske sida Bilete, inkludert panorama, av Monte Rosa frå den sveitsiske sida Rundt Monte Rosa Freeride route from Monte Rosa med kart og bilete Monte Rosa på Flickr
Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Sveits Kategori:Fjellkjeder i Italia Kategori:Fjell i Valais Kategori:Fjell i Piemonte Kategori:Aostadalen