Sirkelvann kraftverk er eit vasskraftverk på Nygårdsfjellet i Narvik kommune i Nordland fylke. Kraftstasjonen ligg rett ved sida av E10.

Kraftverket nyttar fallet mellom Sirkevatnet og Nygårdsvatnet. Vatnet renn her i ein tappetunnel bygd i samband med Nygård kraftverk.

Det er installert ein Kaplan turbin på 0,7 MW. Middels årsproduksjon er på 4,2 GWh.

Kraftverket er eigd av Nordkraft og vart sett i drift i 1999.

Kjelder NVE

Kategori:Kraftverk i Narvik Kategori:Nordkraft Kategori:Kraftverk skipa i 1999 Kategori:1999 i Noreg