mini|300px|Stampa på Kvæstad. Vadmålstampa på Kvæstad i Suldal kommune er ei av dei siste stampene som er bevart i Noreg. Det er ein smålåten, enkel bygning som ligg nedanfor garden på Kvæstad og som sist var i bruk da det blei laga ein film om stamping av vadmål i 1970. Stampa blei da sett i stand, og det er truleg ein viktig grunn til at ho ennå står.

Ryfylkemuseet eig stampa og arrangerer av og til demonstrasjonar ved stampa. Ho er elles ikkje allment tilgjengeleg.

Bakgrunnsstoff Om Vadmålsstampa på Kvæstad på nettstaden til Ryfylkemuseet

Kategori:Ryfylkemuseet Kategori:Suldal kommune Kategori:Norsk industrihistorie