Nure er ei elv i provinsen Piacenza i Emilia-Romagna i Italia. Elva har utspring på nordsida av Monte Nero og etter om lag 75 km munnar ho ut i Po 10 km aust for Piacenza, i nærleiken av Roncarolo, ein del av kommunen Caorso, på grensa til kommunen Caselle Landi i Lombardia.
Den øvre delen av dalen er noko påverka av havluft og det vert derfor sjeldan tåke og kraftig vind her. I denne dalen ligg det 79 forskjellige festningsverk.
Dei største landsbyane langs elva er Ferriere, Bosconure, Cantoniera, Farini d'Olmo, Bettola, Ponte dell'Olio, Vigolzone, Grazzano Visconti og Podenzano.
Kjelder
Kategori:Po Kategori:Elvar i Italia Kategori:Emilia-Romagna