Tresa er ei elv i Sveits og Italia som renn frå Luganosjøen mellom Lavena Ponte Tresa i Italia og Ponte Tresa i Sveits til Lago Maggiore nær Luino, eit par hundre meter etter ho renn i hop med Margorabbia. Der elva renn ut frå Luganosjøen vert ho kryssa av ei bru med Sveits på eine sida og Italia på den andre. Her ligg òg ein tollstasjon.

Elva er om lag 13 km lang og det meste av ho dannar grensa mellom provinsen Varese i Italia og kantonen Ticino i Sveits. Ho renn gjennom dei sveitsiske kommunane Ponte Tresa, Croglio og Monteggio, og dei italienske kommunane Lavena Ponte Tresa, Cremenaga og Luino.

Elva er demma opp for å nytte elva til produksjon av vasskraft og for regulere vassføringa for å hindre flaum.

mini|venstre|Munningen til Tresa ved Luino og Germignaga

Bakgrunnsstoff Hydrologiske data ved Ponte Tresa

Kjelder

Kategori:Po Kategori:Elvar i Italia Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Ticino Kategori:Lombardia