Yokto (symbol y) er eit SI-prefiks i SI-systemet som står for 10−24 eller 1/1 000 000 000 000 000 000 000 000.
Merka at ein stor Y står for Yotta, den største nemninga i SI-systemet.
Det vart teke inn i systemet i 1991. Yokto kjem frå gresk όχτώ, som tyder åtte, fordi det tilsvarer 1000−8.
Kategori:SI-prefiks