mini|Concarena i midten av Val Camonica mini|Kart over Val Camonica.
Val Camonica er ein dal i dei lågare alperegionane i Lombardia i Italia. Elva Oglio renn gjennom dalen før ho munnar ut i Iseosjøen. Det meste av Val Camonica ligg i den nordlege delen av provinsen Brescia.
Dalen inneheld eit av dei største funna av steinteikingar i Italia med om lag 300 000 helleristingar av medlemmer frå stamma Camunni frå om lag 8000 f.Kr. Motiva er kosmologiske, figurative og kartografiske og enkelte stader er det monumentale jakt- og ritualscenar.
Den mest kjende teikninga vart oppdaga i 1909 av Walter Laeng, ein geograf frå Brescia. Han fann to utskjeringar på to rullesteinar ved Pian del Greppe nær Cemmo.
Sidan 1950-åra er det funne tusenvis av teikningar på steinflatene som er «katalogisert» i store prosjekt som framleis held på. I 1979 vart området ein del av UNESCO si verdsarvliste.
Turisme Val Camonica har forskjellige område for turistar: Vintersport:Ponte di Legno, Borno, Montecampione, Aprica Mineralspa: Boario, Angolo Terme. Parkar med helleristingar: Parken Naquane i Seradina e Bedolina i Capo di Ponte; Riserva naturale dei comuni di Ceto Cimbergo e Paspardo a Nadro; parken Luine i Darfo Boario Terme. Romersk by: Cividate Camuno. Mellomalderbyar: Bienno, Pescarzo av Capo di Ponte. Borger: Breno, Gorzone, Cimbergo. Museum og temaparkar: Romersk museum i Cividate Camuno; museumet Camillo Golgi i Corteno Golgi; museumet Guerra Bianca a Temù; arkeologipark i Darfo Boario Terme. Kyrkjer: Pieve of San Siro, Monastero of San Salvatore i Capo di Ponte; Santa Maria della neve i Pisogne; Chiesa di Sant Antonio i Breno; Santa Maria Annunziata i Bienno; Santa Maria Assunta i Esine.
Biletgalleri
Bakgrunnsstoff Parkar i Valle Camonica på Wikimapia Itinera i Valcamonica (EN) Verdsarv i Italia Nasjonalmuseum og arkeologisk park med romerske teater og amfiteater Valcamonica steinkunst
Kjelder
Camonica Camonica Kategori:Lombardia Kategori:Verdsarv i Italia