mini|Rengakaka med brunost, pølse eller servert tørr Rengakaka er eit bakverk av byggmjøl, smør, hjortetakksalt og mjølk. Deigen vert rulla ut i tynne strimlar, om lag 60 cm lange, og strimlane vert lagde som sju ringar utanpå kvarandre i ein spiral. Ho kan og bakast av kveitemjøl.

Rengakaka er kjend frå Nordrana og Beiarn, og var lenge kvardagskost i bygder der bygg var den viktigaste kornsorten. Steikte rengakaker vert sprø og held seg godt. Ein et dei gjerne med smør og ost eller salt pålegg.

Kjelder: Elias Bjørnå: «Rengakaka, en matrett med lange tradisjoner» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1

Kategori:Rana kommune Kategori:Norsk mat Kategori:Bakverk Kategori:Mat frå Helgeland