Regionar er den øvste administrative inndelinga av i Italia. Landet fekk ein grad av regionalt sjølvstyre etter den italienske grunnlova frå 1948, som seier at grunnlova si rolle er å anerkjenne, verne og fremme lokalt sjølvstyre slik at tenestene på statsnivå skal vere så desentraliserte som mogeleg, og tilpasse lovene og prinsippa som opprettar sjølvstyre og desentralisering.
Fem regionar (Friuli-Venezia Giulia, Sardinia, Sicilia, Trentino-Alto Adige og Aostadalen) har derimot fått ein spesiell sjølvstyrt status der dei kan opprette sine eigne lover på enkelte lokale område, basert på kultur, geografisk plassering og nærværet av etniske minoritetar. Dei andre 15 vanlege regionane vart først effektivt oppretta tidleg i 1970-åra.
Kvar region har eit innvald regionsstyre og ein Giunta Regionale (hovudstyre) som vert leia av ein direkte vald president. Giunta er avhengig av regionsstyret og må gå av om det ikkje eer har tillit.
Regionane fungerte hovudsakleg for å desentralisere drifta av staten. Ei konstitusjonell reform i 2001 gav regionane utvida fullmakter, særleg som lovgjevande makt og det meste av statsdrifta vart avskaffa.
I 2005 la Silvio Berlusconi-regjeringa fram eit forslag om ein stor reform av grunnlova der regionane ville få mykje større makt på område som helse og utdanning. I juni 2006 vart forslaget avslått etter ei folkeavstemming med 61,7 % mot 38,3 % stemmer.
Provins- og kommunestyra følgjer liknande prinsipp. Styra og giunte vert styr av provinspresidentar og borgarmeistrar.
venstre|300px|Regionane i Italia
Region Hovudstad 1. Abruzzo L'Aquila 2. Aostadalen (Valle d'Aosta/Vallée d'Aoste) Aosta (Aoste) 3. Puglia (stundom Puglie) Bari 4. Basilicata Potenza 5. Calabria Catanzaro 6. Campania Napoli 7. Emilia-Romagna Bologna 8. Friuli-Venezia Giulia Trieste 9. Lazio (Latium) Roma 10. Liguria Genova 11. Lombardia Milano 12. Marche Ancona 13. Molise Campobasso 14. Piemonte Torino 15. Sardinia (Sardegna) Cagliari 16. Sicilia Palermo 17. Trentino-Alto Adige Trento 18. Toscana Firenze 19. Umbria Perugia 20. Veneto Venezia
Sjå òg Provinsar i Italia Kommunar i Italia Rangering av regionar i Italia
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Regions of Italy» frå , den 30. november 2007.
Bakgrunnsstoff CityMayors Regionsstyret i Italia på Italia.gov.it Regionsstyret i Italia på Governo.it
Kategori:Italiensk geografi Kategori:Administrative område i Italia