mini|Tweedjakke frå Ralph Lauren. Jakke er eit klesplagg for overkroppen som kan opnast og lukkast over brystet og magen. Jakker har ermer, som regel lange, og går gjerne til rundt livet eller noko nedanfor.

Jakketypar Allvêrssjakke, vind- og vasstett fritidsjakke Blazer eller bleser, lett jakke av anna stoff enn buksene, til sommar- eller sportsbruk Cardigan, strikkejakke Dynejakke, boblejakke eller dunjakke, varme, vatterte vindjakker Kofte, strikkejakke, bunadsfrakk eller samekofte Pjekkert, dobbeltknappa, opphavleg mørk blå, kort frakk av tjukt stoff Vindjakke, lett jakke av tett, vindtett stoff Bolero, midjekort damejakke med eller utan erme Våpenjakke Olajakke, jakke av dongeri Parkas, kort, fôra ytterfrakk av vindtett stoff, med lommer, belte og hette, skinnanorakk Golfjakke, lett, strikka jakke, særleg for golfspelande kvinner

Gamle og utanlandske typar Carmagnole, kort jakke brukt av underklassen og jakobinarane under den franske revolusjonen Dolman, snorejakke blant anna brukt som del av husaruniform Justaucorps, knelang, ettersitjande herrefrakk eller livkjole som var vanleg på 1700-tallet Mackinaw , nordamerikansk jakke av tjukt, stripa ullstoff Paletot, vid, lausthengande ytterfrakk eller -jakke Røykejakke, snorbesett heimejakke for menn Schaube, brei, pelsfora kappeliknande mannsjakke som var vanleg i Europa på 1500-talet Spencer, kort, tettsitjande jakke Vams, tjukk kort uniformsfrakk eller hoftelang jakke, frå mellomalderen og seinare, utvikla seg sidan til vest

Sjå og Anorakk Frakk

Bakgrunnsstoff

Kategori:Klede for overkroppen Kategori:Ytterklede