Provinsen Bergamo (italiensk Provincia di Bergamo) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Bergamo. Han har eit areal på 2 723 km² og totalt 1 102 670 innbyggjarar i 2021. Det er 244 kommunar i provinsen.

Han grensar til provinsen Sondrio i nord, provinsen Brescia i aust, provinsen Cremona i sør og provinsane Milano, Monza e Brianza og Lecco i vest. I nord ligg Dei bergamaskiske Alpane der det høgaste punktet er Pizzo Coca på 3 052 meter over havet. Av dalar finn ein Seriana og Brembana. Dei sørlege områda består stort sett av sletter.

Av elvar finn ein Serio, Brembo og Adda i sørvest. I aust dannar Iseosjøen, som Oglio renn gjennom, ein del av grensa. Det er funne mineral i området rundt Trescore og San Pellegrino (kjelda til mineralvatnet med same namn) og andre stader.

Dei største kommunane var i 2005:

KommuneInnbyggjararBergamo120 694Treviglio29 034Seriate24 297Dalmine23 266Romano di Lombardia19 049Albino18 186Caravaggio16 228Alzano Lombardo13 757Stezzano12 867Osio Sotto11 890Nembro11 636Ponte San Pietro11 543Cologno al Serio10 759Treviolo10 297Martinengo10 121Castelli Calepio10 016

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Province of Bergamo» frå , den 11. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Lombardia