Provinsen Ancona (italiensk Provincia di Ancona) er ein provins i regionen Marche i Italia. Hovudstaden er byen Ancona. Han har eit areal på 1 940 km² og totalt 465 906 innbyggjarar i 2006. Det er 49 kommunar i provinsen.
Provinsen strekkjer seg frå kysten av Adriahavet og vestover til Appenninane, og terrenget vert gradvis høgare og meir fjellendt bort frå kysten. Dei fleste innbyggjarane bur langs kysten, og om lag ein fjerdedel av alle innbyggjarane bur i byen Ancona. Andre større byar er Fabriano, Jesi, Loreto, Osimo og Senigallia.
Kyststripa i provinsen består av sandstrender som er populære turistmål. Dei sentrale områda er jordbruksland, der ein produserer raud- og kvitvin av druer som Sangiovese, Montepulciano og Verdicchio. Fjellområda er tett skogkledd og her finn ein det mest kjende jordbruksproduktet, svart trøffel.
Største kommunar Per 30. juni 2005 KommuneIbuararAncona101 798Senigallia44 031Jesi39 720Fabriano30 718Osimo30 598Falconara Marittima28 284Castelfidardo18 059Chiaravalle14 478Loreto11 754
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Province of Ancona» frå , den 11. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Marche Kategori:Provinsar i Italia