Pella (gresk Πέλλα, Pélla) var ein antikk by i Makedonia i Hellas. Ei tid var han hovudstad for oldtidsriket Makedonia. Filip II av Makedonia og sonen hans Aleksander den store blei fødde i byen.
Pella blei raskt den største og rikaste byen i Makedonia, og bløma særleg under regjeringstida til Kassandros og Antigonos II Gonatas. I 168 f.Kr. blei byen herja av romarane under den tredje makedonarkrigen og byrja ein lang nedgansperiode. Thessaloníki i nærleiken blei etterkvart viktigare.
Pella har gitt namn til den moderne landsbyen Pélla, til kommunen med same namn og til periferieininga Pélla.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pella» frå , den 17. april 2024.
Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Periferieininga Pélla