Provinsen Rovigo (italiensk Provincia di Rovigo) er ein provins i regionen Veneto i Italia. Hovudstaden er byen Rovigo. Han har eit areal på 1 789 km² og totalt 244 625 innbyggjarar i 2005. Det er 50 kommunar i provinsen.

Provinsen grensar i nord mot provinsane Verona, Padova og Venezia, i sør mot provinsen Ferrara og i vest mot provinsen Mantova. I aust ligg Adriahavet. Den nordlege grensa går langs elva Adige frå Badia Polesine til sjøen, bortsett frå langs området Cavarzere i provinsen Venezia, og den sørlegt grensa går langs Po frå Melara til sjøen. Provinsen inneheld heile deltaet til Po.

Av dei største kommunane i provinsen finn ein: KommuneInnbyggjararRovigo50 922Adria20 593Porto Viro14 484Lendinara12 198Badia Polesine10 741Occhiobello10 621Porto Tolle10 377Taglio di Po8 389Rosolina6 304Villadose5 285

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Province of Rovigo» frå , den 15. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Veneto