Det første krosstoget vart starta i 1095 av pave Urban II med mål om å frigjere den heilage byen Jerusalem og Det heilage landet frå muslimane og frigjere dei austlege kristne får det muslimske styret. Det som starta som ei bøn frå den austromerske keisaren Alexius I Comnenus om hjelp frå vestlege leigesoldatar til å kjempa mot seldsjukk-dynastiet i Anatolia, snudde raskt til ei veldig folkevandring og erobring av områda utanfor Europa. Både riddarar og bønder frå mange nasjonar i Vest-Europa reiste over hav og land mot Jerusalem og erobra byen i juli 1099, der dei oppretta kongedømet Jerusalem og andre krossfararstatar. Sjølv om desse statane varte mindre enn to hundre år var det første krosstoget eit vendepunkt i utvidinga av dei vestlege maktene, i tillegg til at dei første internasjonale handelsrutene frå vest mot aust vart opna sidan fallet til Vestromarriket.

Bakgrunn

Krosstoga, og særleg det første, hadde bakgrunn i hendingar som fann stad tidlegare i mellomalderen. Kombinasjonen av karolingarriket sitt samanbrot, stabiliteten i grenseområda i Europa etter kristninga av vikingane og madjarane førte til at krigarklassen, som hadde vakse seg stor i krigstidene, hadde lite å ta seg til utover og slost seg imellom og terroriserte bøndene.

Fleire stader kanaliserte ein denne latente valden inn i felttog mot ikkje-kristne. I Spania byrja Reconquista mot maurarane på denne tida, på Sicilia kjempa normannarar mot sarasenarar osb. Tanken om krig mot muslimane var dermed alt kjend for mange. I 1074 oppfordra pave Gregor VII milites Christi, kristi soldatar, til å kome den austromerske keisaren til unnsetning etter at han tapte i slaget ved Manzikert i 1071. Få følgde denne oppfordringa, men idéen var sådd. Kombinert med behovet for sikrare forhold for dei mange pilegrimmane som tok den farefulle reisa til Jerusalem oppstod dermed føresetnaden for at oppfordringa om å sette ut på Krosstog vart tatt imot. Pave Urban II utløyste dette då han offentleggjorde ønsket sitt om å gjenerobre Det heilage landet. Mottoet hans for felttoget var Deus vult!, «Gud vil det!».

Austen seint på 1000-talet mini|Umayyad-kalifatet på sitt mest vidstrekte.

Den næraste naboen til Vest-Europa i søraust var Austromarriket, som var kristne men høyrde til den ortodokse kyrkja. Under keisar Alexios I Komnenos låg landområda til riket stort sett i Europa og på vestkysten av Anatolia. Dei hadde mange fiendar, som normannarane i vest og seldsjukkane i aust. Lenger aust var Anatolia, Syria, Palestina og Egypt alle under muslimsk kontroll, men var politisk, og til ein viss grad kulturelt spreidd under det første krosstoget, noko som medverka til at krosstoget vart ein suksess. Anatolia og Syria var under sunni-seldsjukkar, som tidlegare hadde vore samla i eit stort rike («Store Seldsjuk»), men på denne tida var det delt inn i fleire mindre statar. Alp Arslan hadde slått Austromarriket ved Manzikert i 1071 og innlemma mykje av Anatolia i Store Seldsjuk. Dette riket vart delt opp etter Alp Arslan døydde i 1072. Same året etterfølgde Malik Shah I Alp Arslan og styrte fram til 1092. I denne perioden sleit Seldsjukk-riket med interne opprør. I sultanatet Rüm i Anatolia vart Malik Shah I etterfølgt av Kilij Arslan I og i Syria av bror sin Tutush I, som døydde i 1095. Tutush sine søner Radwan og Duqaq arva Aleppo og Damaskus, som vidare delte Syria mellom emirar som var fiendtleg innstilt mot kvarandre og mot Kerbogha, atabegen av Mosul. Desse statane var meir fokusert på å sikre sine eigne område og få kontroll over naboområda enn å samarbeide mot krossfararane.

Elles i seldsjukk-området var ortoqidane nordaust i Syria og nord i Mesopotamia. Dei kontrollerte Jerusalem fram til 1098. Aust i Anatolia og nord i Syria vart det grunnlagd ein stat av Danishmend, ein seldsjukkisk leigesoldat. Krossfararane hadde ikkje særleg kontakt med nokre av desse gruppene før etter krosstoget. Assassinarane vart òg viktigare i syriske forretningar.

Då Palestina var under persisk og tidleg islamsk styre, vart kristne pilegrimar til Det heilage landet generelt godt tatt imot. Den tidlege islamske herskaren, kalif Omar, let dei kristne få å utføre alle rituala sine så lenge dei ikkje vart utført for synlege. Men frå tidleg på 1000-talet byrja Sultan Hakim av Egypt å forfølgje dei kristne i Palestina. I 1009 øydela han dei kristne sin mest heilage heilagdom, Den heilage grava. Etter kvart gav han seg med å brenne og drepe og innførte i staden ei tollavgift for kristne pilegrimar som skulle inn i Jerusalem. Men det verste var enno i vente. Ei gruppe tyrkiske muslimar, seldsjukkane, var mektige, svært aggressive og svært fundamentalistiske muslimar, og byrja å få meir makt. Dei kristne pilegrimane var fullstendig uønskte av seldsjukkane som byrja å slå ned på dei i Palestina. Barbariske historier om desse hendingane spreidde seg etter kvart vestover, og i staden for at dette virka dempande på pilegrimane gjorde det berre pilegrimsreisene til Det heilage landet mykje meir heilage.

Egypt og mykje av Palestina var kontrollert av arabiske sjia-fatimidar, som hadde mista store landområde etter at seldsjukkane kom hit. Alexius I hadde tilråda krossfararane om å kjempe i lag med fatimidane mot seldsjukkkane. Fatimidane vart på denne tida styrt av kalif al-Musta'li, sjølv om vesir al-Afdal Shahanshah i praksis hadde det meste av makta. Kalifen hadde mista Jerusalem til seldsjukkane i 1076, men gjenerobra han frå ortoqidane i 1098 medan krossfararane var på veg. Fatimidane såg ikkje først på krossfararane som ein trugsel, og trudde at dei var sende av austromarane for å gjenerobre Syria og at dei ville lata Palestina vere i fred. Dei sende ikkje styrkar mot krossfararane før dei alt hadde kome fram til Jerusalem.

Kronologisk hendingsgang i krosstoget Rådet i Clermont

I mars 1095 sende Alexius I representantar til rådet i Piacenza for å be pave Urban II om hjelp mot tyrkarane. Urban svarte positivt på bøna til keisaren, og håpte at ved å hjelpe den austlege kyrkja i naud så ville dette fjerne det store skisma slik at paven vart den øvste leiaren for kyrkja i heile verda.Fulcher of Chartres, «Urban sin tale», Gesta Francorum Jerusalem Expugnantium

Rådet i Piacenza styrkte autoriteten til paven i Italia i ein periode der pavedømet hadde vore svekka. Over 3000 frå prestestanden og om lag 30 000 meinigmenn møtte opp, i tillegg til ambassadørane frå aust. No når pave Urban II hadde oppnådd målet sitt om å få tilbake styret i Italia, kunne han no fokusere fullt og heilt på å opprette eit krosstog og hjelpe austromarane. Urban innsåg derimot at italienarane truleg ikkje var religiøse nok til å samle seg saman rundt paven og sverje å hjelpe keisaren så trufast som mogeleg mot dei ikkje-truande i aust.

Ved rådet i Clermont, midt i Frankrike den 27. november 1095 heldt Urban ei lidenskapleg preike for ein stor folkemasse av franske adelsmenn og den franske prestestanden. Han kalla på tilhøyrarane om å reise saman å ta Jerusalem tilbake frå muslimane. Han sa at Frankrike var trongt og overfylt og at Kanaan fløymde over av mjølk og honning. Han tala om problemet med at adelen kjempa mot kvarandre og at løysinga var å slå sverda saman i Gud si eiga teneste: «La røvarane verte riddarar!» Han talte om løn både på jorda og i himmelen, der dei som døydde under krosstoget kom til å få syndforlating for alle syndene sine. Urban lovde dette med gudsmakta han hadde gjennom posisjonen sin som pave. Menneskemassen vart råka av vill entusiasme og avbraut talen hans med ropa Deus lo volt! («Det er Guds vilje!»).

Urban si preike er av dei viktigaste talane som er halde i europeisk historie. Det finst mange utgåver av talen i skriftlege kjelder, men alle vart skrive ned etter at Jerusalem var erobra og det er vanskeleg å vite nøyaktig kva som vart sagt og kva som vart lagt til etter det suksessrike krosstoget. Det er uansett klart at talen fekk mykje større respons enn det som var venta. Resten av 1095 og eit stykke inn i 1096 spreidde Urban meldinga si gjennom Frankrike og bad biskopane og legatane sine om å spreie ordet hans andre stader i Frankrike, Tyskland og Italia. Urban prøvde å forby enkelte grupper (mellom anna kvinner, munkar og sjuke) frå å delta i krosstoget, men fann ut at dette nesten var umogeleg. Til slutt var flesteparten av dei som tok imot kallet ikkje riddarar, men fattige bønder med lite erfaring i krigføring som her såg sjansen til eit eventyrleg avbrekk i dei tunge liva sine.

Folkekrosstoget

Urban planla avreisa for krosstoget den 15. august 1096, festdagen for Jomfru Marias himmelfart, men månader før dette sette ein hær av bønder og smålåtne riddarar uventa i veg mot Jerusalem på eiga hand. Dei vart ført av den karismatiske munken og mektige talaren Peter eremitt frå Amiens. Responsen var langt meir enn nokon hadde venta. Urban hadde håpt på eit par tusen riddarar, men enda opp med over 100 000, sjølv om dei fleste av dei ikkje hadde noko stridserfaring og inkluderte kvinner og born.

Utan militær disiplin og med det som truleg var eit underlag land (Aust-Europa) med rare skikkar, kom dei første krossfarane rakst ut i trøbbel alt før dei hadde forlate dei kristne områda. Problem dei støtte på var både mangel på forsyningar og kulturkollisjonar. Folket trengde mat og materiell og dei forventa at byane dei vitja ville gje dei dette, eller i det minste selje dei dette til prisar dei meinte var rimelege. Sidan dei forlét Vest-Europa tidleg på året hadde dei gått glipp av den gode innhaustinga den våren, etter fleire år med tørke og dårlege avlingar. Uheldigvis for krossfararane var ikkje alltid dei lokale heilt einige og dette førte raskt til små trefningar og slagsmål. På veg ned Donau plyndra Peter sitt følgje ungarske område og vart angripe av ungararane, bulgarane og til og med ein austromerske hær nær Nish. Om lag ein fjerde del av Peter sine krossfararar mista livet, men resten kom seg heile fram til Konstantinopel i august. Konstantinopel var ein stor by i Europa på denne tida, men det var òg «hæren» til Peter, og dei kulturelle skilnadane og vanskane med å få tak i forsyningar til så mange menneske førte til auka spenning. I Konstantinopel vart Peter og flokken hans møtt av fleire krossfararhærar frå Frankrike og Italia. Alexius, som ikkje visste kva han skulle gjere med ein så stor, uvanleg og utanlandsk hær, frakta dei raskt over Bosporus.

Etter å ha gått inn i Vetleasia byrja krossfarane å krangle og hærane braut opp i to delar. Tyrkarane hadde erfaring og kløkt og var lokalkjende, og dei fleste i Folkekrosstoget, ein gjeng amatørkrigarar og kvinner utan våpen, vart massakrert då dei gjekk inn i seldsjukkane sitt område. Peter overlevd og slo seg seinare saman med det verkelege krosstoget. Ein anna hær av bøhmarar og saksarar kom seg ikkje forbi Ungarn før dei gjekk frå kvarandre.

Det tyske krosstoget

Det første krosstoget starta ein lang tradisjon med organisert vald mot jødar i europeisk kultur. Antisemittisme hadde eksistert i Europa i mange hundre år og det første krosstoget markerte dei første masseorganiserte valdshandlingane utført mot jødiske samfunn. I Tyskland oppfatta enkelte herskarar denne krigen mot dei vantru som ikkje berre ein krig mot muslimar i Det heilage landet, men òg mot jødar i sine eigne land. Ein tysk hær på rundt 10 000 soldatar leia av Gottschalk, Volkmar og Emicho sette tidleg sommaren 1096 kursen nordover Rhindalen i motsett retning for Jerusalem og starta ei rekkje jødeforfølgingar som enkelte historikarar har kalla «den første Holocaust»Riley-Smith, Jonathan, The First Crusade and the Idea of Crusading, 1986, s. 50. Denne oppfatninga av krosstoget var ikkje universell, og jødar søkte tilflukt i heilagdomar, som til dømes erkebiskopen av Köln sine forsøk på å verne jødar i byen frå å bli massakrert av innbyggjarar i byen.