Eli Kari Gjengedal () er ein norsk forfattar og akvaingeniør. Ho er kanskje mest kjend som tidlegare vêrpresentatør i StormGeo med ein sterk nynorsk profil, der ho mellom anna presenterte vêret på TV 2 frå 2000 til 2012. I tillegg har ho i kortare periodar vore programleiar på kanalen.
Eli Kari Gjengedal er utdanna som akvaingeniør og har i tida før jobben i fjernsyn arbeidd som servitør, bartendar og hovmeistar. I 1999 tok ho bartendarprøven og har fleire gonger delteke i NM i cocktailmiksing. Denne kunnskapen nytta ho i den første boka si, Cocktail - 44 vegar til fin bris frå 2005 på Skald forlag, med oppskrifter på drinkar og soger frå utelivsbransjen.
I 2007 gav ho ut den nynorske barneboka Karl Oscar i hardt vêr, illustrert av Ingunn Elida Wiken, om katten Karl Oskar som brukar eitt år på å finne heim att, i all slags vêr, etter å ha kome bort frå familien på sommarferie. Samstundes forklarar ho dei ulike vêrfenomena som Karl Oscar vert råka av på ein enkel måte for born.
Ho er òg kjend for å ha sunge ei heil vêrmelding som eit reklamestunt på TV 2 i 2009. Klippet vart sett av over 150 000 på nettsida. 11. november 2011 hadde ho på seg ein romdrakt frå VilVite-senteret i Bergen, medan ho presenterte vêret.
Bøker
Kjelder
Om Eli Kari Gjengedal i Allkunne
Denne artikkelen bygger på «Eli Kari Gjengedal» frå , den 21. februar 2017.
Bakgrunnsstoff
Meldte været i romdrakt, ba.no
Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Forfattarar frå Leikanger Kategori:Folk frå Leikanger Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane