Sigurd og Sigur er norske former av det norrøne mannsnamnet Sigurðr, som er samansett av orda for 'siger' og 'vernar'. Namnet har eit stort oppsving i popularitet i tida kring førre hundreårsskifte, men fall i bruk ut over 1900-talet. Dei siste åra har populaiteten stige att.
Sigurd har namnedag 23. desember.
Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 var 128 personar manntalsførte med namnet Sigurd, alle budde i Telemark. I teljinga frå 1900 var det meir enn 9 000 personar som het Sigur(d), flest i Oslo og Akershus, men namnet var bruka over er heile landet.
I 2007 er det om lag 6 530 som har Sigur(d), til første fornamn.
Kjende namneberarar Kongar og tronkrevjarar Sigurd I av Noreg (1090-1130), kjend som Sigurd Jorsalfare Sigurd Slembe (d. 1139), norsk tronkrevjar frå borgarkrigstida Sigurd II av Noreg (1133-1155), kjend som Sigurd Munn Sigurd Sigurdsson Markusfostre (d. 1163), norsk tronkrevjar frå borgarkrigstida Sigurd Magnusson (d. 1194), norsk tronkrevjar frå borgarkrigstida Sigurd Ribbung (1204-1226), norsk tronkrevjar frå borgarkrigstida
Andre Sigurd Bonde (1412-1482), norsk storbonde Sigurd Blekastad (1848-1897), norsk stortingsmann Sigurd Ibsen (1859-1930), norsk forfattar Sigurd Einbu (1866-1946), norsk astronom Sigurd Lie (1871-1904), norsk komponist Sigurd Førsund (1884-1970), norsk komponist og lokalhistorikar Sigurd Kolsrud (1888-1957), norsk filolog og professor Sigurd Hoel (1890-1960), norsk forfattar Sigurd Vestad (1907-2001), norsk langrennar Sigurd Winge (1909-1970), norsk kunstnar Sigurd Evensmo (1912-1978), norsk forfattar Sigurd Bjørkedal (1920-2011), norsk båtbyggjar Sigurd Allern (f. 1946), norsk journalist og politikar Sigurd Køhn (1959-2004), norsk saksofonist Sigurd Sollien (f. 1966), norsk programleiar Sigurd Brørs (f. 1968), norsk langrennar Sigurd Rushfeldt (f. 1972), norsk fotballspelar Sigurd Pettersen (f. 1980), norsk skihoppar
Sjå òg
Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav