Donald Franciszek Tusk () er ein polsk politikar, som frå 2014 har han vore president for Europarådet.

Rolle i polsk politikk Han leia det liberal-konservative partiet Platforma Obywatelska (Borgarplattform) og var statsminister i Polen frå 2007 til 2014. Partiet hans vart det største partiet ved parlamentsvalet 21. oktober 2007, med 41,5 % av røystene, og danna ei koalisjonsregjering med det mindre Polske folkepartiet. I 2005 var han kandidat til presidentposten, men tapte i anden runde til Lech Kaczyński.

Utdanning Han tok magistergrad i historie ved universitetet i Gdańsk i 1980. Han er gift, med ein son og ei dotter.

Kategori:Polske statsministrar Kategori:Europarådet