52 Europa er ein stor hovudbelteasteroide. Den har ein diameter på 289 km og vart oppdaga 4. februar 1858 av H. Goldschmidt. Den er namnsett etter den fønikiske kvinna Europa, ei av Zevs' erobringar i gresk mytologi. Europa er den sjuande største asteroiden rangert etter volum, og den sjette største rangert etter masse (etter Ceres, Vesta, Pallas, Hygiea og Interamnia) med litt under 2 % av den totale massen i asteroidebeltet.

Han er ein veldig mørk og karbonrik C-type-asteroide; den fjerde største av typen. Banen ligg nær Hygiea-familen, men den er ikkje eit medlem. Spektroskopiske studier har funne bevis for olivin og pyroksen på overflata,E. Dotto et al ISO results on bright Main Belt asteroids: PHT–S observations, Astronomy & Astrophysics, Vol. 358, s. 1133 (2000). og det er indikasjonar på at det kan vera regionale forskjellar på samansetninga av overflata. S.R. Sawyer A High-Resolution CCD Spectroscopic Survey of Low-Albedo Main Belt Asteroids, PhD thesis, The University of Texas (1991).

Det har blitt funne ut at den kataklysmiske variabelen CV Aquarii funne i 1934 var ein feilidentifisering av 52 Europa. P. Schmeer og M.L. Hazen CV Aquarii identified with (52) Europa, Journal of the American Association of Variable Star Observers, Vol. 28, s. 103 (2000)

Kjelder

Europa Europa