Cerignola er ein by i provinsen Foggia i regionen Puglia i Italia. Han har om lag 60 000 innbyggjarar og ligg 40 km søraust for byen Foggia. Han har det tredje største arealet av alle kommunane i Italia med 593,71 km².

Historie Cerignola vart ein municipium under Romarriket og vart gjenoppbygd etter eit kraftig jordskjelv i 1731. I 1503 slo spanjolane under Gonzalo de Córdoba franskmennene under Louis d'Armagnac (den sjette hertugen av Nemours) ved byen, ein siger som gjorde kongedømet Napoli til ein spansk provins i Italia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cerignola» frå , den 4. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Puglia Kategori:Byar i Italia