Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole (AFR) er ein frilynt folkehøgskule i Ringsaker kommune i Innlandet. Skulen tar imot vel 80 elevar kvart år. Skulen er eigd av Landsorganisasjonen, og vart stifta i 1939. Skulen var stengd i skuleåret 1990–1991 grunna totalrenovering.
Etter fleire år med underskot vedtok eigarane (LO) i 2004 å leggje ned drifta av skulen. Ola Bergum vart tilsett for å leggje ned skulen, men i staden klara han saman med dei tilsette å snu økonomien til å gå i nær null. Skulen har opparbeida seg eit overskotsfond, men stadige vedlikehaldsutgifter gjer at skulen si framtid framleis ikkje er sikker.
Linjefag
Fotografi Fotojournalistikk Grafisk design Journalistikk FN-akademiet Media 2
Bakgrunnsstoff
Skulen si heimeside
Kategori:Ringsaker kommune Kategori:Arbeidarrørsla i Noreg Kategori:Folkehøgskular i Innlandet Kategori:Skipingar i 1939