mini|Berit Hagen Agøy er generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd.

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, kort Mellomkyrkjeleg råd, er eit råd innan Den norske kyrkja, oppretta i 1970. Rådet har som oppgåve å samordne og fremje kontakten mellom Den norske kyrkja og kyrkjer utanfor landets grenser, og å ivareta sambandet med dei internasjonale kyrkjelege organa som Den norske kyrkja er medlem i.

Mellomkyrkjeleg råd består av 17 personar: ein representant for kvart bispedømme i Den norske kyrkja ein biskop ein representant for Kyrkjerådet ein medlem vald av Kyrkjemøtet Den norske kyrkja sin representant i Det lutherske verdensforbunds råd Den norske kyrkja sin representant i Kyrkjenes verdsråd ein representant for styret i Kirkens nødhjelp

Valt leiar i Mellomkyrkjeleg råd er Kristine Sandmæl og generalsekretær er Berit Hagen Agøy (2016). Mellomkyrkeleg råd har felles sekretariat med Kyrkjerådet og Samisk kyrkjeråd.

Kjelder Handbok for sokneråd og kyrkjelege fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon

Kategori:Den norske kyrkja