Altevatnet (samisk: Álttesjávri) er ein innsjø i Bardu kommune i Troms. Altevatnet er den tiande største innsjøen i Noreg.
Innset, Straumsmo og Bardufoss kraftverk nyttar alle den magasinkapasiteten som ligg i Altevatnet. Magasinkapasitet er på 1027 millionar m3. Vatnet er oppdemd og kan regulerast mellom 489 og 472 moh.
Namnet Altevatnet er ei fornorsking av det samiske namnet Álddesjávri. Ordet jávri tyder innsjø, medan den fyrste delen av namnet truleg kjem av álda og har tydinga offerplass.Red: Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo 1997 ISBN 82-521-4905-7
Bakgrunnsstoff Nettstaden til NVE: «Dei største innsjøane i Noreg» Nettstaden til NVE: «Tabell: De største reguleringsmagasinene i Norge pr. 31.12.2004»
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på Altevatnet henta frå Wikipedia på bokmål 14. januar 2008.
Kategori:Innsjøar i Bardu Kategori:Reservoar i Troms Kategori:Målselvvassdraget