Pro-drop-språk viser til språk som ikkje treng ha subjekt i setninga, som t.d. finsk (minä) tulen kohta «(eg) kjem snart». Her er subjektspronomenet ikkje naudsynt, verbendinga -n fortel likevel at det er første person eintal. Omgrepet pro-drop-språk oppstod innanfor styrings- og bindingsteorien på 1980-talet, sjølv om andre grammatikkteoriar hadde vore klår over fenomenet tidlegare. Samsvaret mellom verbbøying og pro-drop er berre ein tendens, og ikkje ein regel: Det finst språk der verba uttrykkje person, som ikkje har pro-drop (t.d. tysk), og språk utan personmarkering som har prodrop (t.d. kinesisk). Det er mogleg å skilje mellom to typar pro-drop-språk: Dei som berre kan ha pro-drop i første og andre person (som finsk) og dei som kan ha det i tredje person også (som t.d. italiensk).

Litteratur

Bresnan, Joan (ed.), 1982, The Mental Representation of Grammatical Relations, MIT Press, Cambridge, Massachusetts. Chomsky, Noam, 1981, Lectures on Government and Binding: The Pisa Lectures. Holland: Foris Publications. Reprint. 7th Edition. Berlin and New York: Mouton de Gruyter, 1993. Graffi, G. (2001) 200 Years of Syntax. A critical survey, John Benjamins, Amsterdam, The Netherlands. Moro, A. 1997 The raising of predicates. Predicative noun phrases and the theory of clause structure, Cambridge Studies in Linguistics, Cambridge University Press, Cambridge, England. Rizzi, L. (1982) Issues in Italian Syntax, Foris, Dordrecht.

Kategori:Syntaks