Aktau (kasakhisk og russisk Ақтау) er ein by i Kasakhstan. Han ligg på Mangysjlakhalvøya og er ein hamneby ved Kaspihavet. Han er hovudstad i Mangystau oblast vest i landet.
Aktau har eit byblokk-system og ingen av gatene i byen har namn, men i staden tre nummer.
Historie Området rundt Aktau var ein gong busett av skytiarar, men sjølve byen vart først bygd i 1961 som ein liten landsby etter at det vart funne store oljefelt i området. I 1963 fekk Aktau bystatus. Frå 1964 til 1991 heitte byen Sjevtsjenko til ære for den ukrainske diktaren Taras Sjevtsjenko, som ein gong vart send bort hit til denne avsidesliggande staden på grunn av den politiske separatismen hans.
Aktau hadde tidlegare eit atomkraftverk. Det var i drift frå 1973 til 1999. Kraftverket vart òg nytta til å produsere plutonium og for avsalting av sjøvatnet som vart nytta til drikkevatn for byen. Dei kasakhstanske styresmaktene har planar om å byggje eit nytt atomkraftverk med tida.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aktau» frå , den 18. januar 2008.
Bakgrunnsstoff Aqtau.kz Vêret i Aktau
Kategori:Byar i Kasakhstan Kategori:Kaspihavet