Lielupe (tysk Kurländische Aa eller Kurische Aa) er ei elv i Latvia. Elva er 119 km lang (310 km medrekna Mēmele) og har eit nedslagsfelt på 17 600 km².

Lielupe byrjar der dei to elvane Mēmele og Mūsa renn saman. I dei nedre delane av ho renn ho parallelt med kysten av Rigabukta. Ho passerer byen Jūrmala og renn nesten 30 km langs kysten av bukta før ho til slutt munnar ut her. Ei grein av elva renn ut i Daugava. Om lag 50-55 % av vatnet i elva kjem frå snøsmelting.

Lielupe er framkommeleg for båtar i om lag 100 km. Av byar langs elva finn ein Bauska, Mežotne, Jelgava, Riga og Jūrmala.

Bakgrunnsstoff Informasjon om nedslagsfeltet til Lielupe

Kjelde

Denne artikkelen bygger på «Lielupe» frå , den 20. januar 2008.

Kategori:Elvar i Latvia