93 Minerva er ein stor hovudbelteasteroide. Han er av C-typen, noko som betyr at han har ei mørk overflate og sannsynlegvis ei primitiv karbonhaldig samansetning. Han vart oppdaga av J. C. Watson den 24. august 1867 og namnsett etter Minerva, ei romersk gudinne tilsvarande den greske visdomsgudinna Atene. Ein stjerneokkultasjon av Minerva vart observert frå Frankrike, Spania og Sambandsstatane den 22. november 1982. Ein okkultasjondiameter på ~170 km vart målt frå observasjonane. Sidan då har endå to okkultasjonar blitt observerte, og dei gir ein snittdiameter på ~150 km.Observed minor planet occultation events, version of 2005 July 26
Kjelder
Minerva Minerva Minerva