mini|Sandstrand sør på Jæren, ved Ogna.

Jæren er eit kystlandskap i Rogaland fylke. Fram til byrjinga av 1900-talet var stavemåten «Jæderen» i bruk. Midt på Jæren ligg kommunane Time og Klepp. Sør-Jæren er Hå kommune. Høg-Jæren omfattar dei høgareliggjande områda i Time og Hå, og delar av Bjerkreim og Gjesdal kommunar.

Geografi Jæren er ei kyststripe. Det er prega av låge moreneryggar frå istida, og den næringsrike jorda frå desse. Det flate landskapet ender i jærstrendene.

Jæren er eit av dei beste landbruksområda i landet, men har òg mykje industri. Mykje av industrien er tradisjonelt knytt til landbruk, og mykje er knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Kommunane på Jæren Folketal i tabellen under er per . Våpen Namn Areal Folketal Kommunenr. Målform center|30px Gjesdal 617,98 1122 Nøytral center|30px Hå 257,99 1119 Nøytral center|30px Klepp 113,49 1120 Nynorsk center|30px Randaberg 24,71 1127 Nøytral center|30px Sandnes 1040,56 1102 Nøytral center|30px Sola 69,05 1124 Nøytral center|30px Stavanger 262,52 1103 Nøytral center|30px Time 183,19 1121 Nynorsk

Kultur Ein jærbu er anten ein som bur på Jæren, eller ein som kjem derifrå. Dialekten (talemålet) vert kalla «jærsk». Forfattaren Arne Garborg, med si sterke tilknyting til området, vert omtala som «jærbu og europear».

Jærbanen er namnet på jarnbanelina Stavanger-Egersund. Jærbanen vart opna i 1878, og gjorde Jæren meir tilgjengeleg for reisande utanfrå. I denne tida var fleire kunstmålarar aktive på Jæren. Jærmalarar som Kitty Kielland og Nicolai Ulfsten var mykje på Jæren, og måla landskapsbilete.

Lokalavis for jærkommunane er Jærbladet.

Sjå òg Jærhus Jærstol Jærbu

Bakgrunnsstoff Jæren lokalhistorisk utvikling Informasjon om Jæren som reisemål Jærbladet, lokalavis for Jæren Jærmuseet Nordsjøvegen over Jæren

Litteratur Jøssang, Lars Gaute: Industrieventyret på Jæren : 1800-2000, Nærbø 2004. Lye, Kåre Arnstein (red): Jærboka, Ås 1978. Torvund, Helge og Snorre Aske: Jæren : Himmel og hav, 2007.

Kategori:Jæren Kategori:Landskap i Noreg