mini|Elva Šventoji nær Vepriai Elvane i Litauen er typiske lågtlandselvar som renn sakte i vide dalar i eit meandermønster. På grunn av ein god del nedbør er det tett i tett med elvar og i snitt renn det 0,99 km med elv på kvar kvadratkilometer.Republikken Litauen, FAO i SN, mai 2005. Vitja 9. juni 2006. Elvane er derimot ikkje jamt fordelt. Den høgaste tettleiken finn ein i høglandet i Samogitia der det regnar meir og i nordlege område der jordsmonnet har leire og vatnet ikkje like lett trekk inn i jorda. Den lågaste tettleiken finn ein søraust i Litauen der jordsmonnet har mykje sand og regnet raskt trekk ned i jorda.

Nesten 70 % (om lag 49 600 km²) av Litauen vert drenert via Nemunas og sideelvane hennar. Dei andre fem flodområda er små og ligg nær grensene: Mūša-Nemunėlis (Lielupe; 8 976 km²), Venta (5 140 km²), Daugava (1 857 km²), småelvar som renn direkte ut i Austersjøen (2 523 km²) og Pregolja (54 km²). Om vinteren frys alle elvane til og om våren er det som regel flaum i alle elvane på grunn av smeltevatnet, men det er som regel berre i elvedeltaet til Nemunas at vatnet går over breiddene. I dag vert flaumane kontrollert av demningar.

Under Sovjetunionen (1945-1990) vart mange av elvane øydelagd av drenering. Mange myrområde vart drenert og dei gav ikkje lenger vatn til elvane. Andre småelvar vart retta opp og omgjort til dreneringskanalar.

Litauen har om lag 29 000 elvar og bekkar som er lengre enn 250 meter. Den totale lengda til alle desse elvane er rundt 65 000 km. Talet på elvar og bekkar som er lengre enn 3 km har vorte kalkulert til å vere nøyaktig 4 418. 758Stasys Vaitiekūnas, Elena Valančienė, Lietuvos geografija, Alma littera, 2004, side 65. ISBN 9955-08-534-7 elvar er lengre enn 10 km og 21 elvar er lengre 100 km.

Lengste elvar # Namn Lengd (km) Munning Viktigaste byar Totalt I Litauen1 Nemunas 937 475 Den kuriske lagunen Hrodna, Druskininkai, Alytus, Kaunas, Sovetsk2 Neris 510 235 Nemunas Vilnius, Kernavė, Jonava, Kaunas3 Venta 346 161 Austersjøen Venta, Kuldīga, Ventspils4 Šešupė 298 209 Nemunas Marijampolė, Kudirkos Naumiestis, Krasnoznamyonsk5 Šventoji 246 246 Neris Anykščiai, Kavarskas, Ukmergė6 Nevėžis 209 209 Nemunas Panevėžys, Kėdainiai7 Merkys 203 190 Nemunas Baltoji Vokė, Merkinė8 Minija 202 202 Nemunas Salantai, Gargždai, Priekulė9 Nemunėlis 199 160 Lielupe 10 Dysna 173 58 Daugava 11 Jūra 172 172 Nemunas Rietavas, Tauragė12 Mūša 157 140 Lielupe 13 Lėvuo 145 145 Mūša Bauska14 Šušvė 135 135 Nevėžis 15 Dubysa 131 131 Nemunas Šiauliai, Ariogala16 Širvinta 129 129 Šventoji Širvintos17 Švėtė 118 50 Lielupe Žagarė18 Šešuvis 115 115 Jūra 19 Kotra 109 24 Nemunas 20 Mituva 102 102 Nemunas Jurbarkas21 Bartuva 101 55 Austersjøen Skuodas

Virvyčia (99,7 km) er like opp under 100 km lang. Lengda til Žeimena er omdiskutert og kan vere så lang som 114 km.

Fototar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «List of rivers of Lithuania» frå , den 24. januar 2008. oppgav desse kjeldene: List of lakes, dams, and rivers of national importance Lithuania Central Internet Gates - Waters