Širvinta er ei elv i Litauen med ei lengd på 129 km. Ho er den lengste sideelva til Šventoji. Ho renn gjennom Ukmergė fylke og Širvintos fylke og grensar til Jonava fylke. Širvinta passerer byen Širvintos, der det er bygd ein overløpskant. Ho munnar ut i Šventoji mellom Upninkai og Vepriai.

Širvinta er kjend for stryka sine og den svingande, steinete elvesenga som vert mykje nytta av kajakkpadlarar. Širvinta landskapreservat, som dekkjer den vakre elvebreidda og dei bratte skråningane, vart oppretta i 1992 for å verne det unike landskapet. Nokre av dei leirete skråningane langs elva kan verte så høge som 40 meter.

Namnet på elva kjem truleg frå det baltiske adjektivet širmas/širvas, som tyder brun.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Širvinta» frå , den 24. januar 2008.

Sirvinta