mini|300px|Regionar innanfor moderne Litauen Aukštaitija («høglandet») er ein av fem etnografiske regionar i Litauen. Namnet kjem av at regionen er relativt høg samanlikna med resten av landet, særleg i austlege delar.

Geografi

Aukštaitija er den nordaustlege delen av Litauen og utgjer òg ein liten del av Latvia og Kviterussland. Den største byen og hovudstad i regionen, sjølv om regionane ikkje er politiske inndelingar, er Panevėžys, med over 100 000 innbyggjarar. Dei største byane med meir enn 20 000 innbyggjarar er : Panevėžys - 119 749 Jonava - 34 954 Utena - 33 860 Kėdainiai - 32 048 Visaginas - 29 554 (merk at denne byen vart bygd av sovjetarane og er busett av russarar og andre tidlegare sovjetarar og er derfor berre geografisk ein del av denne etnografiske regionen) Ukmergė - 28 759 Radviliškis - 20 339

Regionen er full av innsjøar, hovudsakleg på austsida.

Historie

Historisk dekte Aukštaitija området Hertugdømet Litauen opp til 1200-talet. Den første hovudstaden var truleg Kernavė. I avtalen med Gediminas frå 1322 vart Aukštaitija kalla terra Eustoythen («landet til Aukštaitijarane»). Aukštaitija vart nemnd i Austechia i Chronicon terrae Prussiae skrive rundt 1326. Sidan slutten av 1200-talet har området vore ein del av Hertugdømet Vilnius/Litauen og Hertugdømet Trakai. Etter 1400-talet utgjorde Trakai voivodeskap og Vilnius voivodeskap Aukštaitija, som både ein politisk og etnisk eining kalla Eigentlege Litauen.

Demografi Regionen har minoritetar av russarar og kviterussarar i aust.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aukštaitija» frå , den 26. januar 2008.

Kategori:Litauisk geografi