mini|Nyttårsorkanen på veg inn mot Nordvestlandet 04 UTC 1. januar 1992. mini|Ekstremvêret Dagmar ved Seilet hotell i Molde.

Ekstremvêr i Noreg er eit uvêr som er så kraftig at det er fare for liv og verdiar. I Noreg er det berre Meteorologisk Institutt som er pålagt å varsle og som har lov å varsle om slike vêrforhold, då kalla eit ekstremvarsel. Årsaka til at berre MI gjev ut slike varsel er fordi det ikkje skal oppstå forvirring om til dømes StormGeo eller andre vêrselskap hadde gjeve ut eit ekstremvarsel, medan MI ikkje hadde sendt ut.

I samband med ekstremvarsel vert styresmaktene varsla slik at dei kan sette i gang førebyggjande tiltak. Først vert hovudredningssentralane og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) varsla og deretter Justisdepartementet, fylkesmannen i fylka som vert råka, politiet i aktuelle område i tilfelle evakuering, kommunale etatar i aktuelle område for å sikre verdiar og media for å varsle ålmenta.

Kriterium For at eit uvêr skal kallast ekstremt må minst eitt av følgjande kriteria oppfyllast: Sterk vind, som regel storm. Store nedbørmengder eller endra temperaturforhold som kan føre til stor flaum. Ekstremt stor snørasfare over store område Stormflod (ekstremt høg vasstand langs delar av kysten)

I tillegg spelar òg kva område som vert råka inn på om det vert sendt ut ekstremvarsel eller ikkje. Til dømes må det kraftigare vind til i Nord-Noreg og på Vestlandet enn på Austlandet.

Kva retning vinden kjem frå spelar vanlegvis òg ei rolle. Om vinden bles parallelt med kysten vil berre dei ytste områda verte råka av kraftig vind, men med ein gong vinden kjem med større vinkel inn på kysten vil større område få merke den kraftige vinden.

Opphav

Opphavet til at ein starta med varslingsplanar for ekstreme vêrsituasjonar var nyårsorkanen i 1992 i Møre og Romsdal. Orkanen vart godt varsla av Meteorologisk Institutt på nyårsaftan 1991, men sidan varselet mellom anna kom på denne spesielle dagen var det få som fekk varselet med seg. Verken ålmenta eller styresmakter vart varsla om det særs kraftige uvêret og øydeleggingane vart deretter sidan ingen skadeførebyggande tiltakt vart utført og heller ingen beredskap vart sett i gang for å raskt bøte på skadane som oppstod.

Første gong prosedyrane for ekstremvarsel vart nytta var 8. desember 1994 då det vart full til sterk storm langs kysten frå Lindesnes til Fedje. Dei fleste ekstremvêra kjem som følgje av kraftig vind. Ekstremvêr som følgje av ekstrem stor snørasfare har enno ikkje oppstått sidan prosedyrane vart oppretta.

Namn Sidan 1995 har òg MI gjeve namn på ekstremvêra på liknande måte som ein gjer med tropiske syklonar i andre delar av verda. Her nyttar ein ei alfabetisk liste der anna kvart namn er eit mannsnamn og eit kvinnenamn. Bokstavane Q, W, X, Z, Æ, Ø og Å vert ikkje nytta. Når ein kjem til siste bokstav (Y) byrjar ein på nytt igjen med A på neste ekstremvêr. På den første lista vart ikkje bokstaven C nytta.

Det første ekstremvêret som fekk namn var Agnar 12. oktober 1995.

Kjende ekstremvêr Nyårsorkanen i 1992 var det dyraste uvêret som har råka landet. Det vart registrert 33 000 skadar og utbetalt ei total erstatning på om lag 1,3 milliardar kroner.

Vesleofsen, flaumen som råka Austlandet i juni 1995, vart òg særs dyr med om lag 6900 skadar for 1,8 milliardar kroner og utbetalt erstatning for 940 millionar kroner. Ekstremvêret Narve råka Nord-Noreg i januar 2006 og det vart rapportert 2478 skadar som totalt gav ei erstatning på rundt 188 millionar kroner.. Eit av dei mest omfattande uvêra som har råka landet var dei tre ekstremvêra Gudrun, Hårek og Inga som kom på løpande band i januar 2005. Områda heilt frå Østfold til Nordland vart råka i denne uvêrsperioden og det vart rapportert 4306 skadar for totalt 160 millionar kroner.

Storofsen er ein av dei største flaumane som har råka landet nokon gong. Han skjedde i 1789 og tok livet av minst 61 menneske. Den galne måndagen var eit anna kjend uvêr med orkan som i 1822 tok meir enn 300 menneskeliv på Vestlandet.

Liste over ekstremvêr